Toktet gjekk ut frå Bergen 5. juli og er venta tilbake 5. august. Om bord er norske havforskarar, men også forskarar frå Færøyane, Island, Grønland og EU (Danmark) har sine parallelle tokt, skriv Havforskningsinstituttet på si nettside.

Omfattande kartlegging

I løpet av toktet skal forskarane kartlegge eit område på om lag tre  millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren. Det er godt over ein runde rundt jorda, seier Leif Nøttestad, havforskar og koordinator for det internasjonale toktet. Makrellbestanden har ei enorm utbreiing i Atlanterhavet. Men dei siste åra har både utbreiinga og bestandsstorleiken hatt ein nedgåande trend, og den har hatt ein tendens til å trekke ut av grønlandske og islandske farvatn, og vart funnen stadig meir nordleg i Norskehavet.

 

Makrellen går langt nord

– Dei siste åra har det vore mykje makrell heilt nord i Jan Mayen-sonen og til dels sørvest ved Svalbard inn i Framstredet. Så langt nord har vi ikkje greidd å følge makrellen til nullinja, altså til punktet det sluttar å vere makrell. Det er uvisst om vi greier det i år også, dels på grunn av eit noko redusert tal toktdøgn, seier Nøttestad.

Hovudmålet med toktet er å finne ut kor stor bestanden er slik at ein kan legge eit best mogleg grunnlag for kor mykje som er forsvarleg å fiske.

Havforskingsinstituttet vil legge ut undervegsoppdateringar frå toktet på nettsida si.

 

Les også; 

Makrelltoktet: Slik har det gått den første uken