- Det blir ein svært redusert dåp på grunn av smitteverntiltak, men det er ikkje så mykje vi kan gjere med akkurat det. Litt kjedeleg er det sjølvsagt, for dette skulle normalt ha vore ein festdag med open båt og greier, seier Inge Møgster i Hardhaus AS.

No blir det ei markering for spesielt inviterte og Møgster er mest glad for at alt ser ut til å ha gått bra så langt med det nye ringnotfartøyet som er bygd ved Cemre-verftet i Tyrkia.

Det er lagt stor vekt på best mogleg energiutnytting om bord i det nye fartøyet, der det blant anna er batteripakke, elektrisk dekksmaskineri og varmegjenvinning.

- Eigentleg skulle den vore levert i juli i fjor, men det har blitt forseinka og vi kan ikkje legge all skulda på koronaen, seier Møgster.

Han fortel at det blei gjennomført ein teknisk prøvetur i Tyrka, og no gjenstår det å prøve den på fiske.

- Vi har fått alt bruket om bord og kjem til å starte med litt prøvefiske denne veka. Så mot slutten av neste veke bør vi vere klare for å prøve oss på litt nordsjøsild, før vi går over på makrellfiske i august.

 

Her kan du sjå fleire bilde av Hardhaus.

 

Fakta om Hardhaus:

Verft: Cemre Shipyard i Tyrkia, og design frå Salt Ship Design.

Lengde: 74,5 meter

Breidde: 16 meter

RSW tank kapasitet: 2300m3