For NVG-sild vart ein avtale om totalkvote på 511 171 tonn inngått 4. november, og underteikna per korrespondanse i etterkant.

– Eg er glad for at vi no er samde om totalkvotane for både NVG-sild og kolmule for 2023, og at begge bestandane blir forvalta innanfor trygge biologiske og berekraftige rammer. Det er framleis usemje om kvotefordelinga for begge bestandane, men kyststatane har avtalt å møtast tidleg i 2023 for å starte arbeidet med fordelingsdiskusjonane, seier fiskeri og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding.

Alle partane er samde om at totalkvoten skal fastsetjast i samsvar med dei faglege tilrådingane frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES). Det er også avtalt at kyststatane skal halde fram arbeidet med analyser for sonetilhøyrsle for både kolmule og sild, som er viktig kunnskap for framtida.

Det er Noreg, EU, Storbritannia, Færøyane og Island som er kyststatar til kolmule, medan kyststatane til sild er Noreg, Russland, Storbritannia, Færøyane og Island.

Når det gjeld avtalar om sonetilgang for norske fiskarar i andre lands soner, vil dette forhandlast gjennom dei bilaterale forhandlingane.

Dei endelege kvotane for norske fiskarar for neste år vil bli klare etter at reguleringane er fastsette og det finst  endelege tal for kvotebyte og årets fiske.