Denne reportasjen er henta frå Fiskebåt sin årsrapport. Der kan du lese fleire interessante saker. Du finn den digitale versjonenen her.

 

Les også; Vindkraft - det problematiske miljøtiltaket

 

Her er dei tre spørsmåla som er stilt til politikarane;

1. Norge har ambisiøse mål om å redusere utsleppa av klimagassar. Kor viktig er utbygging av havbasert vindkraft for å nå klimamåla?

2. Norge rår over 2 000 000 kvadratkilometer med havareal. Fleire næringar har, og vil kome til å ha interesse for havområda framover -  deriblant vindkraft. Korleis kan ein sikre at dette lar seg kombinere med at vi også framover kan drive eit berekraftig fiskeri i havområda?

3. Korleis vil du som politikar legge til rette for at det skal bli ein god sameksistens mellom fiskeri og andre havbaserte næringar?  

 

Liv Kari Eskeland (Høgre)

Foto: Stortinget.

1. Det er ikkje gitt måltal for kor stor del av vår fornybare kraft som skal kome frå havvind. Førebels har havvind eit prisnivå som ikkje kan konkurrere med fornybar kraft som blir produsert på land i Norge. Det vi i første rekke legg vekt på ved vår satsing av flytande havbasert vindkraft, er teknologiutvikling og kompetansebygging, slik at vi vil vere i posisjon til å eksportere denne teknologien. Likevel er det unike ressursar av vind langs norskekysten, og desse bør vi utnytte.

2. Det er heilt avgjerande at ein greier å få til ein god sameksistens mellom alle næringar som driv si virksomheit i, over og under havoverflata. Nøkkelordet her er dialog og tidleg involvering. Fiskeri, olje og gass, skipstrafikk, mineralutvinning, havvind – her er mange som skal ha plass, og vi må syte for at næringar vi har i dag ikkje blir fortrengt av nye, men at vi kan operere desse i ein sameksistens.

3. Det må vere klare føringar for involvering av eksisterande næringsaktivitet ved nyetableringar av anlegg. Dette må ligge som krav i konsesjonsvilkåra, og bør vere ein del av konsekvensutgreiinga som ligg til grunn for vedtak om løyve som blir gitt, i tillegg til konsekvensar dette vil ha på miljø og naturmangfald. Det er også viktig at ein gjennom kunnskapsbasert tilnærming set seg inn i dei moglegheiter og avgrensingar som ligg i tilliggjande næringar sine aksjonsområde. Eg har tru på at også næringa sjølv kan og bør vere ein god tilretteleggar for slik kunnskapsdeling.

 

Gisle Meininger Saudland (Framstegspartiet)

Foto: Stortinget.

1. Flytande havvind er viktig, først og fremst fordi det finnast ein del næringspolitiske moglegheiter der verdsleiande norsk næringsliv kan gripe desse moglegheitene. Det å ha fastmonterte vindturbinar på fiskebankar og på stader med stor miljøpåverknad er eg skeptisk til.

2. Eg meiner generelt at vi har plass til å kombinere fleire næringar. Det eine utelukkar ikkje det andre, berre sjå på norsk olje- og gassnæring som har sameksistert med fiskerinæringa.

3. Skulle det potensielt oppstå konfliktar meiner eg miljø- og fiskeremessige omsyn bør vege tungt viss ikkje begge omsyn kan ivaretakast.

 

Ketil Kjenseth (Venstre)

Foto: Stortinget.

1. Havbasert vindkraft har potensiale til å bidra med store klimagassutslepp, ikkje berre i Norge, men i verda. Samtidig er det også eit stort potensiale for å bygge ny industri og teknologi, spesielt innan flytande vindkraft. Havvind er eit godt eksempel på det grøne skiftet, der kompetanse Norge har bygd opp frå petroleumssektoren kan brukast på nye område. Havvind vil kunne gi nye moglegheiter for leverandørindustrien. Teknologi som utviklast i Norge, vil kunne bidra til reduksjon i utslepp både i Norge og andre stadar i verda.

 2. Det er viktig at havvind fungerer i sameksistens med anna bruk av havområde. Difor er det viktig at vi gir havvinden ein forsiktig start, og at dette blir gjort i nær dialog med alle interessentar. Dette sikrar vi gjennom gode høyrings- og planprosessar. Det er også viktig å legge som premiss at område skal kunne brukast til fleire formål, og forslag om t.d. dyrking av algar i område for havvind, er eitt døme på slik sambruk.

3. Det å gå varsamt fram når det opnast felt for havvind er viktig, og det er det vi no gjer. Område for havvind har vore diskutert i 10 år, og vi legg stor vekt på innspel som kjem gjennom høyringane. Det må byggast erfaring, og føre var-prinsippet må leggast til grunn.

 

Tore Storehaug (Kristeleg folkeparti)

Foto: Stortinget.

1. Kva er skalaen når de spør «kor viktig»? Vi må starte omstillinga frå fossil til fornybar energi, og skal vi erstatte all fossil kraft med fornybar så vil havbasert vindkraft vere ein del av løysinga. Havbasert vindkraft og særleg flytande vindkraft har ein mykje høgare kostnad enn dei fleste andre fornybare energikjelder, og difor svarar det seg i mindre grad økonomisk no.

2. Gjennom forvaltingsplanar sikrar vi naturverdiar og gjennom ordninga med lisensar sikrar vi at ulike omsyn blir lytta til og vektlagt når ein kjem til konkrete prosjekt.

3. Til no har det gått bra å få til ein sameksistens mellom fiskeri og andre havbaserte næringar, men i for stor grad har til dømes seismisk skyting fått gå føre fiskeriinteresser. Vi må bli flinkare til å vektlegge dei fornybare ressursane og i det spelar fiskeriet ei viktig rolle. Her vil ein også framsnakke dialog som reiskap. Fiskerinæringa sit på kunnskap som er viktig å legge vekt på, når installasjonar skal lokaliserast. Det er i seg sjølv problemførebyggande.

 

Ruth Grung (Arbeidarpartiet)

Foto: Stortinget.

1. Kliutfordringane krev energiomstilling. Norge er eitt av dei landa i verda med størst potensial for vindkraft. Arbeidarpartiet meiner at flytande havvind er viktig for å nå klimamåla, men er framleis teknologisk umodent. Norge har moglegheit til å ta ein leiande posisjon der vi både sikrar fornybar kraft til eige bruk, men også inntekter frå sal av kraft og eksport frå leverandørindustri knytt til havvind.

2. Arbeidarpartiet er opptatt av ein kunnskapsbasert politikk, der dei ulike delane av havøkonomien, slik som fiskeri blir ivaretatt. Havvind frå eit område på 140 x 140 km vil erstatte all norsk gasseksport. Det gir eit bilde på at vi har rikeleg tilgang på havareal og at flytande havvind blir etablert i område der det ikkje er i konflikt med fiskeri. Flytande havvind kan derimot vere ei moglegheit for fiskefartøy og skipsfarten for tilgang på fornybar energi ved flytande hub’ar i Nordsjøen.   

3. Arbeidarpartiet vil sikre at alle relevante instansar blir høyrt ved etablering av flytande havvindanlegg. Vi treng meir kunnskap om kva effekt flytande havvind har på fiskeri, og vi støttar Havforskingsinstituttet sine tilrådingar om kartlegging og overvaking under bygging i dei områda som vil bli valt ut til havvindkraftanlegg. Lovverket som regulerer havvind, petroleum og fiskeri bør harmoniserast for å sikre eit felles rammeverk.

 

Lars Haltbrekken (Sosialistisk venstreparti)

Foto: Stortinget.

1. Havvind vil bli viktig for å produsere nok fornybar kraft slik at vi klarer å elektrifisere fossile utslepp for å ned utsleppa. Først og fremst vil havvind vere viktig for å elektrifisere utslepp på sokkelen, ikkje primært til forsyning til land. Det kjem også til å bli viktig for Norge at vi kan ta i bruk arbeidskraft og kompetanse som no blir brukt i oljenæringa til å utvikle fornybare næringar.

2. Ingen utbygging, verken på land eller til havs, vil vere fri for konfliktar. Difor treng vi gode planar for samhandling, og at det i utpeiking av område for søknad om konsesjonar til havvind blir tatt spesielt omsyn til fiskeria.

3. Fiskeria er avgjerande for Norge både i fortid og framtid. Vi vil prioritere fiskeria, men samtidig legge til rette for nye næringar der dette er mogleg utan store konfliktar. Då blir det viktig å ikkje utsette sårbare område for risikoen ved oljeutvinning som til dømes utafor Lofoten, Vesterålen og Senja, og iskanten.

 

Ole Andrè Myhrvold (Senterpartiet)

Foto: Stortinget.

1. Havbasert vindkraft vil saman med anna energimix, som oppgradering og utbygging av eksisterande vasskraft, noko landbasert vindkraft og satsing på energiøkonomiske tiltak med meir, vere viktig når samfunnet i større grad skal elektrifiserast noko som er avgjerande for å nå klimamåla som Norge har satt.

2. For Senterpartiet er dei ressursane vi finn i havet i form av mat dei viktigaste. Norge må difor innrette seg slik at satsing på havvind skjer i minst mogleg konflikt med fiskeria. Fiskarane må involverast tidleg i Norge si havvindsatsing.

3. Vi treng arenaer for dialog, og fiskeria må inviterast med når Norge skal utarbeide sin strategi for utbygging av havvind. Det er også viktig at fiskeria er med frå start når felt med havvind skal byggast ut slik at desse i minst mogleg grad kjem i konflikt med fiskeria og eksisterande næring.
 

Une Bastholm (Mijøpartiet Dei Grøne)

Foto: Stortinget.

1. MDG er for utbygging av vindkraft til havs. Vi meiner potensialet til havs er større enn for vindkraft på land, og vi meiner at miljøkonsekvensane kan bli vesentleg mindre viss utbygginga blir gjort på ein fornuftig måte med tilstrekkelege omsyn til miljøet. Vi har vedtak om eit mål om å bygge ut 100 TWh havvind innan 2030. Ei slik utbygging må gjerast skånsamt og i dialog med andre næringar, ikkje minst fiskerinæringa.


MDG jobbar for storstilt energieffektivisering, opprusting av eksisterande vasskraftverk og utbygging av blant anna meir solkraft. Men sjølv om vi lykkast med alt det, vil Norge trenge meir fornybar energi i åra som kjem for å omstille oss til eit lavutsleppssamfunn. Ifølge Statnett er behovet for å elektrifisere industrien, transportsektoren og resten av samfunnet på mellom 30 og 50 TWh ny fornybar energi. Det er neppe mogleg utan å bygge ut vindkraft i ei eller annen form.

2.  Gjennom tett og god dialog og samhandling mellom ramma næringar, ved å ikkje tildele nye leitelisensar for olje og gass, ved å ha ein restriktiv politikk for oppdrett, herunder lukka anlegg, og ved å unngå å bygge ut havvind i viktige gyte- og fiskeriområde. MDG vil ikkje godta utbygging av havvind som øydelegg for fiskerinæringa.

3. MDG støttar Fiskarlaget sitt krav om ei eiga stortingsmelding om arealbruk og sameksistens i norske havområdet. Sjå elles svaret under punkt 2.