Østervold viste til at den avgått Solberg-regjeringa la fram ei kvotemelding som ikkje greidde å skape fleirtal i stortinget, og at Støre-regjeringa har varsla at dei vil kome med ei ny kvotemelding.

- Diverre ser vi at historia gjentek seg. I staden for at vi får vedtak, så får vi nye utgreiingar og eit nytt produkt, sa Østervold.

 

Eit spesielt år

I årsmøtetalen var han også innom at 2021 har vore eit spesielt år, både med tanke på pandemien og at Storbritannia gjekk ut av EU.

- Vi viste det kom til å bli spennande, då Storbritannia gjekk ut av EU. Norge kunne verken fiske i EU-sona eller i britisk sone. Heldigvis kom det på plass ein avtale med EU, men makrellen måtte vi ta alt i norsk sone. Likevel greidde vi å ta heile kvota. Noko som viser at det er mykje makrell i norsk sone, som igjen viser at Norge kan gjere krav på at vi skal ha ein større del av totalkvota, sa Østervold.

 

Klimavenleg fiskeflåte

Omlegging av fiskeflåten i meir miljøvenleg retning er eit av hovudemna på årsmøtet til Fiskebåt Sør. Østervold viste til at flåten ikkje greier dette aleine.

- Skal vi greie å nå måla om utlseppsreduksjonar må vi ha eit god samarbeid med styresmaktene våre. Vi må også hindre at vindkraftanlegg skal øydelegge viktige gyte- og fiskefelt, og vi må ha ein plan for korleis klimamålet skal kunne nåast utan at alle skal bygge nytt. For det er faktisk mange som ikkje kan gjere det, sa Østervold.

 

Trakassering

Trakassering av kvinner har vore ei av dei store mediesakene denne hausten. Østervold var her klar på at slikt ikkje skal skje.

- Det har vore vondt å lese om dette, og det skal ikkje vere slik. Ingen skal oppleve å bli mobba eller trakassert om bord i våre fartøy. Verken kvinner eller menn skal oppleve det. Det er rett og slett uakseptabelt. Alle om bord har eit ansvar om kva dei seier og gjer, og reiarlaga har eit ansvar for å ha gode rutinar for både varsling og for å hindre at slike situasjonar oppstår, sa Østervold.