Mykje har endra seg etter at den 34 år gamle Paul-Gustav Remøy fekk jobb i organisasjonen sommaren 1987. Då var det 382 reiarlag og 359 fartøy som sto som medlemmar. I dag har Fiskebåt om lag 200 medlemmar, men er likevel meir representative enn nokon gong tidlegare.

 

Fiskerierfaring

Paul-Gustav vaks opp på Remøya i Herøy kommune, og det var då naturleg å rette seg mot ei fiskerikarriere.

- Eg hadde jobba to år på fiskebåt, og også hatt sommarjobbar medan eg studerte, så eg hadde litt praktisk erfaring før seg starta i denne jobben, seier Remøy.

Paul-Gustav Remøy. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).
 

No vender han tilbake til heimegarden på Remøy der han er i ferd med å bygge seg nytt hus.

- Eg ser fram til å bli pensjonist og har meir enn nok å henge fingrane i. Først må eg få ferdig huset, så er eg framleis aktiv musikar så det blir nok å henge fingrane i. Og sjølvsagt skal eg fiske litt. Det må ein gjere når ein er busett på Remøya midt i matfatet, men eg vil også finne ein aktivitet slik at eg får brukt hovudet, seier Remøy.

I løpet av dei 33 åra han har vore i Fiskebåt, har det vore sju styreleiarar i Fiskebåt, og 15 fiskeriministrar.

 

Fakta:

Paul-Gustav Remøy
Født:
 31. januar 1953
Vakse opp: Remøya i Herøy
Utdanning: Cand.Filol. frå Universitetet i Bergen.
Starta i Fiskebåt: 1. juli 1987