På bakre dekk er mannskapet om bord i Atlantic fullt konsentrerte om oppgåva. På denne turen til Barentshavet skal det fiskast både med snurrevad og line. Skipper på denne turen er Jan-Ove Langeland. Saman med Kjell-Gunnar Hoddevik, som også er skipper, men berre med på første del av denne turen, følgjer han nøye med på det som skjer. 

 

Jan-Ove Langeland (tv.) og Kjell-Gunnar Hoddevik følgjer med på nota. Foto: Odd Kristian Dahle.

 

Nota nermar seg og spenninga aukar. Det blir spekulert både på mengde og fiskeslag.

- Vi ønskar oss mest sei, men ser at vi også får ein del torsk. Ofte er fisken litt blanda på denne tida av året, seier skipper Jan-Ove Langeland.

Sakte og kontrollert blir nota taua inn mot båten. Mannskapet har gode rutinar og veit kva dei skal gjere. Vel inne blir det kopla på ein pumpeslange som pumpar fisken over i båten, der den blir bløgga og sløyd.

Mannskapet får også fasiten på kor mykje som var i nota - den erfarne skipperen bomma på to tonn på augemålet sitt - det var nemleg 22 tonn i dette kastet.

 

Nota er klar for å pumpast om bord. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

- For eit år sidan var det ingen av oss som kunne dette, så vi lærer litt nytt kvar gong vi prøvar. Men det er heller ingen andre som kan så mykje om dette på ein så stor båt, seier Langeland.

Dei to skipperane har lang erfaring med linefiske, og det er i stor grad det som er hovudfokus for Atlantic enno. Men for nokre år sidan blei det opna for at dei også kunne få konsesjon for å fiske med snurrevad. Atlantic blei difor det første havgåande fartøyet som driftar både med autoline og snurrevad.

- For oss passa det bra, sidan vi då var i gang med planlegging med å bygge eit nytt fartøy. Vi la difor opp til at vi skulle ha ein kombinasjon med line og snurrevad. Det er vi glade for no. Det gjer at vi kan fiske meir effektivt og også billigare nenn tidlegare, sidan ein sparer utgiftene til agn og driftar billigare. Og så er det eit veldig spennande fiske å drive, seier Hoddevik.

 

Inspeksjon frå Kystvakta

Medan fisken blir pumpa om bord, så kjem kystvaktfartøyet KV Jarl sigande. Brått og uventa kjem den gule mob-båten i full fart mot Atlantic. Høfleg spør dei om dei kan få kome om bord og ta ein inspeksjon av fangsten. Dei målar fisk og blir påspandert kaffi og vafler før dei returner til hovudskipet.

 

Sjå video frå kystvaktbesøket - klikk på bildet under.

Kystvakta på veg til inspeksjon. Foto: Odd Kristian Dahle.

 

- På denne inspeksjonen var det veldig bra. Det var berre 2,8 prosent som var under minstemålet av dei 150 fiskane som vi kontrollerte, så det er eit godt resultat. Når vi ligg på feltet prøver vi å kome på inspeksjonar så ofte som vi kan, og spreie det utover flåten. Men i dag var iallfall alt i skjønaste orden, seier Marius Torsvik, fiskeriinspektør ved KV Jarl.

Også Hoddevik var godt nøgd med besøket.

- Kystvakta gjer ein viktig jobb med å kontrollere fisket. Viss dei finn for mykje innblanding av småfisk, så går dei inn å stansar fisket i det aktuelle området. Vi har eit godt samarbeid med Kystvakta og det er hyggelege folk og kjekt å få besøk.