Ombord er det Rolls-Royce/ Kongsberg design, maskineri og dekksutrustning og fartøyet er bygd for å kunne operere i arktisk farvatn. Der skal den fiske både kvitfisk og reker. Prisen for nybygget som er bygd ved Cemre-verftet i Tyrkia er på nær 400 millionar kroner, seier reiar Stig Remøy til Fiskeribladet.

Olympic Prawn skulle etter planen vore levert i januar i fjor, men har blitt utsett mellom anna som følgje av korona-pandemien. No er det svært strenge krav om kven som får lov til å kome om bord medan båten ligg til kai ved Fosnavåg.

Søndag blir det ein enkel dåpssermoni før trålaren seglar til Ålesund og får om bord meir utstyr. Deretter er det litt prøvefiske før den går nordover til Barentshavet på torskefiske.

Trålaren er fullelektrifisert, med siste teknologi i alle ledd og med katalysatorar som reduserer utslepp utslepp av klimagassar.