Det er Fiskeridirektoratet som melder dette. Det er sett av ein kvote på totalt 800 tonn. Av denne er det sett av 20 tonn til bifangst av torsk i fisket etter blåkveite. Det er dermed 780 tonn som kan takast i kartleggingsfisket.

Nærings- og fiskeridepartementet har avgjort at inntil to fartøy frå gruppa konvensjonelle havfiskefartøy kan få løyve til å delta. Kvota på 780 tonn vil bli fordelt likt mellom dei to fartøya.

Havforskningsinstituttet er fagleg ansvarleg for fisket og utarbeider retningslinjer for korleis det skal foregå. Det skal mellom anna gjennomførast minst fire turar, der første tur må starte i mars.

Les også;

Kartleggingsfiske ved Jan Mayen

Nesbakk og Geir II til Jan Mayen

Spennende fiskeri ved Jan Mayen

Framleis usikkert kvar Jan Mayen-torsken høyrer heime