- For oss er det viktig å innrette oss etter dei måla som styresmaktene har sett for å redusere dei totale klimagassutsleppa. Her spelar skipsfarten ei viktig rolle, og vi har difor tatt dette på alvor og latt det gjennomsyre heile prosessen med å utvikle vårt nye fartøy, seier reiar Egil Sørheim i Selvåg Senor AS.

 

Samarbeider med SINTEF

Det er Skipsteknisk i Ålesund som har designa båten for Meløyselskapet i tett samarbeid med blant anna SINTEF gjennom programma Optikjøl  og Coolfish,som har tatt for seg kjøleteknologi.

Nye Selvåg Senior skal erstatte dagens Selvåg Senior som blei bygd i 1999. Det nye fartøyet blir utstyrt med ein 350 m3gasstank som står vertikalt i front, og ein stor batteripakke på 1MWh. I tillegg til hybridløysingar på framdrift er det lagt ned eit stort arbeid i å finne optimale løysingar for varme- og kjølegjenvinning.

- Når gassen er under trykk er den kraftig nedkjølt. Den må difor varmast opp før den kan brukast som drivstoff. På den måten kan vi bruke kulda til å kjøle ned fisken med. Når gassen blir brukt som drivstoff frigir den varme, som vi igjen kan bruke til oppvarming. Dermed får vi brukt temperaturane på ein optimal måte, seier Sørheim.

 

Desse har samarbeida om å utvikle Selvåg Senior. Fv. Tore Sæten Opsvik/Skipsteknisk, Inge Bertil Straume/Skipsteknisk, Kent Sander Orheim/Skipsteknisk , Christian Sørheim/Selvåg Senior AS og Egil Sørheim/Selvåg Senior AS. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Mange tiltak

Sørheim viser til at det er summen av tiltak som gir den positive effekten med nær halverte utslepp av klimagassar.

- I grove trekk får vi halvparten av gevinsten med å bruke LNG som drivstoff, medan andre halvparten kjem som eit resultat av andre tiltak som varme- og kuldegjenvinning, skrogutforming, elektriske vinsjar osv., seier Sørheim.

Selvåg Senior blir det tredje fiskefartøyet som satsar på gassframdrift og batteri, etter Libas til Liegruppen som er under ferdigstiling i Tyrkia, og Sunny Lady til Teige Rederi som også skal byggast ved tyrkisk verft.

 

Mangelfull infrastruktur

Trass i at fleire prøver  seg på gass-teknologi, er det likevel ikkje heilt utan utfordringar å satse på LNG som drivstoff.

- Infrastrukturen for få tak i drivstoff er dårleg utbygd, så vi må nok primært basere oss på å fylle frå tankbil. Ei anna utfordring er at det ikkje er så lett å planlegge eksakt når vi kjem til land og dermed få bestilt gass-bilen. Men vi reknar med at dette vil bli betre etter kvart, som etterspurnaden aukar, seier Sørheim.

I dag er det ein del ferjer som brukar gass, men det er venta at både fraktefartøy og fiskefartøy kjem til å ta i bruk teknologien i større grad framover.

- Vi reknar med at fleire vil prøve seg med gass som drivstoff, men når det gjeld å ta i bruk batteriløysingar er det fleire fiskefartøy som gjort det dei siste åra. Vårt inntrykk er at dette fungerer bra og at dei reduserer drivstofforbruket merkbart, seier Inge Bertil Straume i Skipsteknisk.

 

Landstraum

Nye Selvåg Senior blir ein plug-in-hybrid, som betyr at den kan lade batteria frå straumkjelde på land, når den ligg ved kai. Førebels er det likevel få kaianlegg som har tilstrekkeleg straumanlegg til å kunne tilby dette. Selvåg Senior er difor utstyrt med ein diesel-hjelpemotor som skal brukast til å lade batteria om bord, når båten litt til kai for lossing. Ifølge Sørheim kjem denne til å ha ei driftstid på berre 50 timar i året, så den vil ikkje utgjere dei store utsleppa av CO2.

Framleis er det kostbart å ta i bruke dei nye miljøvenlege løysingane, og totalprisen på det nye fartøyet er langt over kva det ville koste å bygge eit tilsvarande fartøy der ein ikkje trengte å ta omsyn til miljøet.

- Vi er avhengige av offentleg støtte frå Enova og NOx-fondet for å få til dette. Dei har gitt støtte til tilsvarande løysingar tidlegare, så eg reknar med at det går i orden. I reknestykket inngår det også at LNG er eit rimelegare drivstoff enn diesel, så på sikt vil nok investeringane svare seg, både for reiarlaget og ikkje minst storsamfunnet sidan vi reduserer utsleppa av klimagassar, seier Sørheim.

 

Vil bygge i Norge

Målet er at nybygget skal vere ferdig i 2023. Enno er det ikkje tatt stilling til kven som skal bygge båten, men reiarlaget seier dei har eit ønske om at den skal byggast ved eit norsk verft.

- Vi skal no jobbe vidare med å få på plass støtteordningar og finansiering, så skal vi ta stilling til kvar vi skal bygge, men vi har eit ønske om at vi skal bygge ved eit norsk verft, seier Sørheim.

 

Selvåg Senior, tekniske fakta;

- Pelagisk fiskefartøy på 80 meter designa av Skipsteknisk AS i Ålesund

- Nyutvikla vertikal LNG-tank med cold recovery 

- DF Motor: Wärtsila 8V31DF 

- Plug-in hybrid Variabelt turtall 520-750rpm med 690V/60Hz på grid 

- Landstraum - 400V/50Hz/360A 

- Batterikapasitet 1MWh 

 

Selvåg Senior, miljøfakta;

Reduksjon i utslepp ved LNG-drift og alle tiltak jfr. samanlikna ny tonnasje av same type;

SOx: 97% 

NOx: 85% 

CO2: 45% 

Total reduksjon av klimagassutslepp på 42 prosent. Dette inkluderer 6,37 tonn metan.

 

Fiskebåt jobbar aktivt for ein grønare fiskeflåte blant anna gjennom vårt engasjement i Grønt Skipsfartsprogram.

Her kan du lese meir om Fiskebåt si satsing på miljøet.