Rolls-Royce Marine skal levere design og utstyrspakke til den 70-meter lange frysetrålaren til Engenes Fiskeriselskap, som held til på Engenes i Ibestad kommune i Troms. Tråleren skal byggast i Spania. Fartøyet er planlagt levert frå verftet i første kvartal 2021, skriv Rolls Royce Marine i ei pressemelding. Det er Rolls Royce som teiknar fartøyet og skal levere framdriftssystem, dekksmaskineri, elektro- og automasjonssystem. Det nye skipet er utvikla for botn- og pelagisk trål.

- Dette er ein milepæl for vårt selskap, seier Johannes Arne og Børge Arvesen i Engenes fiskeriselskap.

Den nye trålaren blir bygd for framtida og skal ha den beste teknologien for både, miljø, mannskap og tryggleik heiter det i pressemeldinga.