Sidan 2004 har havforskarar frå Noreg og Russland gjennomført eit omfattande økosystemtokt i Barentshavet kor dei har undersøkt havområdet «frå A til Å».

Frå 2010 blei toktet utvida til også å omfatte overvaking av makroplast, det vil seie plastbitar som er større enn 0,5 centimeter, skriv Havforskingsinstituttet på si nettside.

 

Mikroplast

No ønsker dei å utvide overvakinga til også å gjelde mikroplast, det vil seie plastbitar som er mindre enn fem millimeter, fortel havforskar Bjørn Einar Grøsvik ved Havforskingsinstituttet.

Den norsk-russiske overvakinga viser at mellom 40 og 60 prosent av makroplasten i Barentshavet kjem frå fiskeflåten og omfattar først og fremst tauverk og reiskap.

Her kan lese heile saka.