Kvotane for dei fleste bestandane blir vidareført på same nivå som for 2019. Norge og Grønland er også einige om å vidareutvikle det gode forskingssamarbeidet.

Grønland sin kvote i Barentshavet for 2020 er satt til 4 000 tonn torsk, 900 tonn hyse og 450 tonn sei. I tillegg får Grønland ei kvote på inntil 250 tonn bifangst av andre artar.

Den norske torskekvoten blir auka til 1 350 tonn og kveitekvoten blir auka til 30 tonn. 

Blåkveitekvoten på Vest-Grønland på 900 tonn blir vidareført. Det gjeld også botnlevande uer på 1 000 tonn og skolestkvoten ved Aust-Grønland på 100 tonn. Blåkveitekvoten på Aust-Grønland blir redusert til 275 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar. 

Forskingssamarbeidet mellom Norge og Grønland blir også vidareført og då særlig for blåkveite, torsk, uer og makrell.