Totalkvoten er i samsvar med forvaltningsplanen og kvoterådet til det internasjonale havforskingsrådet, ICES. Norge har fastsett kvoten for 2020 til 399 451 tonn, som tilsvarar ein del på 76 prosent av totalkvoten, som er ein auke frå 73 prosent i 2019.

- Vi støttar fiskeriministeren si avgjerd om å auke norsk del fra 73 til 76 prosent og synes dette er ei fornuftig tilnærming. Med bakgrunn i silda sin sterke tilhøyrigheit til Norsk økonomisk sone har Norge krav på ein andel på 76 prosent, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

 

Gradvis auke

Norge har hatt ein plan om ei gradvis auke til det nivået som Norge meiner å ha krav på. Frå 2017 har Norge sin del av kvoten auka frå 67 prosent til 76 prosent i dag.

- Andre kyststatar har tatt svært offenisive posisjonar, når dei har fastsett sine andelar av pelagiske bestandar. Det er difor naturleg at Norge følgjer opp dette, seier Maråk.

 

Fordeling

Av kvoten er det sett av 1 000 tonn til forskings- og undervisningsformål, 572 tonn til rekrutteringsformål og 500 tonn til agnkvotar. I open gruppe blir det vidareført ei avsetning på 2 000 tonn. I lukka gruppe er overreguleringa sett til 20 prosent. Dette er med basis i erfaringar frå fisket i år.

I all hovudsak er reguleringa for 2020 lik reguleringa for 2019.

Dei andre landa i denne avtalen er Færøyane, Island, EU og Russland.

 

Les også; Nye avtaler for norsk vårgytende sild og kolmule