– Norske fiskarar utnyttar kvotane ved Grønland godt, og eg er nøgd med at Noreg og Grønland har vorte samde om ein kvoteavtale for 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap) i ei pressemelding.

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2023 er sett til 4 000 tonn torsk, 750 tonn hyse, 650 tonn sei og 425 tonn attåtfangst av andre artar.

Den norske torskekvoten er på 1350 tonn og kveitekvoten 30 tonn.

Den norske blåkveitekvoten på 900 tonn på Vest-Grønland og 375 tonn på Aust-Grønland blir vidareførd. Kvoten på skolest på Aust-Grønland blir 50 tonn og kvoten på botnlevande uer blir vidareført på 500 tonn. Kvoten for attåtfangst blir vidareført på 325 tonn.

Noreg og Grønland er også einige om å vidareføre det gode forskingssamarbeidet.