- Norges råderett over havområda i nord blir stadig utfordra. Ikkje minst har vi sett det denne hausten i samband med at EU vil fiske meir enn tildelt kvote ved Svalbard. Vi opplever også stadig at Russland gjennomfører store militærøvingar som fører til problem for fisket, seier Tor Are Vaskinn, avdelingsleiar ved Fiskbåt i Tromsø.

 

Fiskeripolitikken med ny regjering

Fiskeripolitikken til den nye regjeringa blir også eit sentralt tema under årsmøtet i Troms 24. og 25. november. Det blir lagt opp til eit ordinært fysisk møte over to dagar, og med festmiddag på kvelden. 

 

Fysisk også i Ålesund og Bergen

Også årsmøta i Fiskebåt Vest, 3. desember og Fiskebåt Sør, 7. desember er planlagt som ordinære fysiske møte.

Smittevernet blir tatt på største alvor og arrangementa vil rette seg etter det som er gjeldande reglar.