Styret i Fiskebåt Nord var først ute med å fortelje at deira planlagte årsmøtet i år blir gjennomført digitalt. Programmet blir dermed også nedkorta i forhold til det som har vore vanleg tidlegare. Møtet som vanlegvis går over to dagar med omfattande fagleg program og festmiddag på kvelden, blir i år gjennomført på ein dag som ein videokonferanse.

 

Formiddagsmøte

Det same skjer i Fiskebåt Sør som har sitt årsmøte tysdag 1. desember. Dette er normalt eit dagsmøte med fagleg program og lunsj. I år blir det korta ned til eit formiddagsmøte, men der ein har ei til to fagsaker i tillegg til årsmøtesakene.

 

Avventar

Fiskebåt Vest skal ha sitt årsmøte fredag 4. desember. Dette er også eit dagsmøte med fagleg program og med festmiddag på kvelden. Middagen går ut som følgje av situasjonen, men styret i Fiskebåt Vest har ikkje tatt stilling til om dei vil gjennomføre møtet fysisk, eller om det skal gå som videokonferanse.

For dei digitale møta vil det bli tekniske løysingar som sørger for at det til dømes er mogleg å gjennomføre val og liknande.

 

Datoane for dei tre regionale årsmøta er følgande;

Fiskebåt Nord, onsdag 25. november

Fiskebåt Sør, tysdag 1. desember

Fiskebåt Vest, fredag 4. desember