Dei siste åra har Fiskebåt fleire gongar tatt opp denne problemstillinga med norske styresmakter utan at det har blitt ei løysing. I eit nytt brev som er sendt til Utanriksdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, gjentar Fiskebåt oppmodinga om at norske styresmakter og er særleg kritisk til at øvingane blir sett i gang på svært kort varsel.

- Det er eit gjennomgåande trekk at øvingane blir varsla kort tid før dei startar, og det blir bandlagt svært store område der det foregår fiskeriaktivitet, skriv Fiskebåt i brevet.

 

Aukande omfang

Aktiviteten med slike øvingar har auka i omfang dei siste åra, og har også etter kvart tatt eg inn i norske havområde. Russiske styresmakter kan ikkje forby fiske i området og dei er ansvarlege for å ivareta tryggleiken for skip i området. I dette tilfellet er fareområdet aktivt berre 2,5 timar per dag, men i praksis fører det til at området er stengt for fiskeflåten.

- Fiskebåt vil på nytt hevde at det er totalt uhaldbart at andre land sine styresmakter fritt skal kunne beslaglegge store område innafor norsk økonomisk sone på kort varsel utan noko form for konsultasjon eller at det blir tatt omsyn til kyststatane sine fiskeriinteresser, skriv Fiskebåt i brevet.

Kartet viser området der det pågår øving i tidsrommet 19.-22. mai.

 

- Fiskebåt vil på nytt hevde at det er totalt uhaldbart at andre land sine styresmakter fritt skal kunne beslaglegge store område innafor norsk økonomisk sone på kort varsel utan noko form for konsultasjon eller at det blir tatt omsyn til kyststatane sine fiskeriinteresser, skriv Fiskebåt i brevet.

 

Her kan du lese brevet frå Fiskebåt til norske styresmakter.

 

Les også;

Ny russisk militærøving i Barentshavet

Russerne har lagt ut nytt fareområde i Barentshavet

Russisk militærøvelse Barentshavet 16. - 19. februar

Stadig flere russiske militærøvelser