Det er Fiskebåt Vest i lag med Møre og Romsdal Fiskarlag, Surofi, Marint kompetansesenter og Norges Sildesalgslag som står bak arrangementet, som også har med Sparebanken Møre som sponsor.

Opplegget er nokså likt frå år til år. Først får ungdomane ein liten smakebit på kva det inneber å ha eit yrke på sjøen. Deretter får dei møte litt eldre ungdomar som har valt fiskeri som yrkesveg. I år bestod panelet av Jannicke Sæther (20), Berger Vik Pettersson (19) og Ole-Kristian Lie Skaaden (19). Dei fortalte korleis livet er om bord i eit fiskefartøy.

Arrangementet avsluttast med ein Kahoot-konkurranse mellom dei forskjellige skulane. Premien er kr. 10 000 til klassa som vinn og i tillegg får eleven som vinn ein ipad.

Arrangørane legg også vekt på finne ein ung lokal artist til arrangementet. I år var det Sverre Eide frå Ålesund som sto for underhaldninga. Eide er mest kjent  frå The Voice.

 

Sverre Eiede frå Ålesund sto for det musikalske innslaget. (Foto: Odd Kristian Dahle/ Fiskebåt).