- Nordic Wildfish er eit forbilde for andre som driv innan fiskeribransjen i Møre og Romsdal. Dei er med på å bevisstgjere næringa om kva påverknad dei har på havet og det marine miljøet, og på å skape haldningsendringar blant tilsette og alle som jobbar med havnæringar, seier Henrik Stensønes (Sp), leiar kultur-, næring- og folkehelseutvalet.

 

Er sjølv ein del av problemet

Nordic Wildfish er eit reiarlagfrå Valderøya i Giske kommune. Dei har fokus på berekraftig hausting og ein miljøvenleg produksjon. Nordic Wildfish ser at dei sjølve og fiskeindustrien er ein del av problemet med marin forsøpling og derfor har dei tatt store grep for å hindre spreiing av plast og marint avfall. Tilsette deltek i ryddeaksjonar for å bli bevisst konsekvensane av marin forsøpling. I tillegg deltek Nordic Wildfish i «Fishing for litter» som hentar i land mista fiskeutstyr. Nordic Wildfish håper at ved at dei går føre vil andre følge etter. Dei ønskjer eit reint hav, og dei er avhengig av reint hav for å ha ei næring i framtida.

 

Om miljøprisen

Møre og Romsdal fylkeskommune har kvart år sidan 2009 delt ut ein miljøpris til nokon som har gjort eit særleg fortenestefullt arbeid innafor områda berekraftig utvikling, klima, biomangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi. Miljøprisen skal vere ein stimulans til miljøarbeidet i fylket. Sjølve prisen blir delt ut under fylkestingsamlinga i desember og består av eit kunstverk av ein lokal kunstnar og 15 000 kroner. I år kom det inn forslag til 10 kandidatar som på ulikt vis har vist eit sterkt engasjement for klima og miljø. Sidan 2009 har prisen blitt delt ut til ulike formål og til både enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar.

 

Desse har fått miljøprisen tidlegare:

2021: Gomalandet SFO

2020: Vartdal Plast AS

2019: Ulrik Sandøy Sørensen

2018: Sødahlhuset AS

2017: Plastfritt Giske

2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS

2015: Stranda Prolog AS

2014: Naturvernforbundet

2013: Standal knuseverk AS

2012: Alv Ottar Folkestad

2011: Norsøk

2010: Olav Bye

2009: Runde miljøsenter