Han var ein av innleiarane til Fiskebåt Sør sitt årsmøte, der han nettopp snakka om makrell, og kvifor forskarane gir råd om reduserte kvotar, samtidig som det tidlegare ikkje har vore observert så mykje makrell.

- Ifølge fangstatistikken har det vore kraftig auke i fangstane i internasjonalt farvatn. Særleg om sommaren har det vore større fiskeri av Russland, Island og Grønland i område som det for få år sidan var svært lite fiskeri, sa Nøttestad til årsmøtedelegatane.

 

Økosystemtoktet

Nøttestad viste til at fangstatistikken berre er ein av fleire mål som forskarane brukar for å finne ut kor stor bestanden er, og kor mykje som er tilrådeleg å fiske av den. Økosystemtoktet er ein anna viktig rettleiar.

- Dette toktet er viktig og utan desse observasjonane ville truleg bestanden blitt vurdert som mindre enn det vi gjer no. Vi har observert god fordeling i aldersgrupper, som er eit sunt teikn på bestanden både i forhold til notid og framtida. Vi har også fått ny informasjon om vandringane austover, som på mange måtar er det motsette av det vi såg i 2006, då bestanden ekspanderte vestover. Og dette er ei svært interessant utvikling, sa Nøttestad.

 

Fangstprøvelotteriet

Han oppmoda fiskarane til å ta del i fangstprøvelotteriet, som kanskje er den beste måten fiskarane sjølve kan vere med å bidra til å auke kunnskapen om kor mykje som er tilrådeleg å fiske.

Dei siste ti åra har makrellfangstane ligge over det forskarane har tilrådd. Dette har gått bra, noko som ifølge Nøttestad, tyder på at bestanden er godt forvalta. Han ser likevel gjerne at det kjem på plass ein forvaltningsplan i samarbeid med dei andre landa som fiskar på makrellen. Ein slik plan kan tidlegast vere på plass hausten 2021.

 

Her kan du lese vedtaket om denne saka frå Fiskebåt Sør