Sjømatnæringa brukar store mengder med plast i til dømes emballasje. Det er eit mål å redusere dette, skriv Fiskeri og havbruksnærigens forskingsfinansiering, FHF, i utlysingsteksten for prosjektet.

Eit tiltak er difor å utvikle og dokumentere effekten av alternative material og løysingar til å bruke plast.

- Tiltak og løysingar skal kunne iverksettast raskt. Prosjektforslag må kvantifisere og sannsynliggjere kor mykje forskjellige tiltak bidrar med til reduksjon av utslepp, skriv FHF i prosjektskildringa.

Som døme på aktuelle tiltak blir det mellom anna peika på å teste ut alternative material til bruk av plast til snurrevadtau og trålmatter. Det blir også peika på å teste ut alternative material til innpakking, som tilfredsstiller krav til matryggleik.

 

Her kan du lese meir om prosjektet