Åkerøy er allereie i området fordi dei leverte ei last kolmule der, medan Roaldsen har gått til Island tidlegare med forventning om at det på eit tidspunkt skulle bli fiske.

Islandsk næring og havforsking ønska ein ny runde med leitetokt, der tre islandske og eit fartøy frå Grønland skulle delta. I samband med dette, blei dei to norske båtane spurt om dei kunne bidra for å styrke toktet yttelegare. Dette har dei to fartøya sagt seg villige til.

Toktet kan følgast på https://skip.hafro.is/

 

Kartet viser rutene for det plalagde toktet.

- Med bakgrunn i at Islandske styresmakter tidlegare har etterlyst større deltaking i norsk forskingsinnsats i forhold til loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen, er det naturleg å vere positiv til førespurnaden frå Island om å delta i leitinga, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

 

Fleire rundar

Islandske og grønlandske fartøy har sidan nyttår vore ute i fleire omgangar og søkt etter loddeforekomstane. Normalt kjem lodda inn frå havområda mellom Grønland og Island og Jan Mayen, til den islandske kysten for å gyte. Førebels har det ikkje vore observert nok fisk til at islandske forskarar vil tilrå eit fiske.