Denne teksten er henta frå Fiskebåt sin årsrapport for å 2018. Klikk her for å lese fleire spennande saker frå årsrapporten.

I løpet av eit døgn passerer opp mot 25 tonn filetar gjennom fabrikken til Ramoen. Tempoet er høgt og alt fungerer. Det vil seie alt må fungere, elles hopar det seg raskt opp på samlebandet. Ein produksjonsstans er kostbart for reiarlag og mannskap.

- Her er mange maskiner og trangt om plassen. Det er difor viktig å ha god kjennskap til korleis heile fabrikken fungerer, slik at vi raskt kan reparere viss noko stansar.

Det seier 20 år gamle Daniel Aarseth frå Vartdal i Ørsta kommune. Med drøyt to år om bord i fabrikktrålaren Ramoen kjenner han godt både båten og fabrikken. Han har aldri drøymt om å bli sjømann, men no har han fått eit stort ansvarfor at produksjonen om bordfungerer.

Det var interessa for å «skru» og reparere, som meir eller mindre tilfeldig førte han dit han er no. Dei er i utgangspunktet tre personar som deler på jobben på kvar sine skift.

- Det er mykje som skal fungere i ein fabrikk som dette, og når vi er langt frå land må vi reparere det som blir øydelagt der og då. Eg har difor meir enn nok å gjere, seier Aarseth.

 

Likar å «skru»

Han har alltid hatt stor interesse for mekanikk og brukar også store delar av fritida si til å reparere og vedlikehalde maskiner, enten det er snakk om gravemaskiner eller bilar. Resten av fritida går med til jakt og laksefiske.

- Hausten er tid for hjortejakt, så då likar eg å vere heime på Sunnmøre. Så likar eg å få med meg delar av laksesesongen om sommaren. Begge dele er fin avkopling frå det daglege. Det største problemet med friperiodane er at tida går alt for fort. Som oftast har eg alltid noko meir eg skulle gjort, når eg først er heime, seier han.

Aarseth har vakse opp på gard, og er vant med at det alltid er noko som må gjerast. Gjennom oppveksten har han heile tida hatt tilgang til maskiner som han har kunne skru på og reparere. Interessa har vore så stor at han parallelt med skulegang tidlegare har jobba både hos ein lokal maskinforhandlar, Felleskjøpet og vore med å produsere fiskekasser ved Vartdal Plast. At sjøen blei arbeidsplassen er nok meir tilfeldig.

- Ja, det var vel litt tilfeldig at det blei sjøen på meg, men når eg gjekk andre året på vidaregåande fekk eg vere med å overhale filetmaskinene på Ramoen. Då fekk eg også vere med på ein tur på fiske, og deretter har eg blitt om bord noko eg ikkje angrar på, seier han.

Ein tur med Ramoen varer som oftast fem veker. Om bord er det ofte hektiske dagar, og meir enn nok å henge fingrane i.

- Alt må fungere elles har ikkje dei andre om bord noko å gjere. Difor er jamleg kontroll og vedlikehald av alle maskinene vesentleg, seier Aarseth.

 

Skarpe knivar

Kvar dag er det difor rutine å kontrollere heile systemet. Bevegelege delar i fabrikken må smørast og filetknivane må vere skarpe. Etter bruk må alle knivar slipast og gjerast klare for neste skift. I tillegg går han over heile fabrikken og smører der det trengs. Dette skjer minst ein gong per dag, og når dei er i aktivt fiske kan det bli opp til tre gongar om dagen, fortel Aarseth.

Daniel Aarseth her i lag med sin læremeister Sylve Engstrøm (Foto: Odd Kristian Dahle/ Fiskebåt).

Aarseth har så langt vore med som lærling, men opplever at han har fått utfordrande arbeidsoppgåver heile vegen.Lærlingtida nærmar seg slutten og snart har han sitt eige fagbrev som produksjonsteknikkar.

På spørsmål om han vil råde andre ungdomar til å få seg jobb på sjøen, er han ikkje i tvil.

- Det er tildels lange dagar når produksjonen går for fullt, men samtidig er det ein jobb som gir stort ansvar, men samtidig stor fridom, seier Aarseth.