Krona og korona – ikkje lenger hand i hand

Av Kay Ove Hafsås, rådgivar i Fiskebåt

Utviklinga i den norske krona har for mange vore eit paradoks i ei årrekkje, og kroneverdien har omlag falt årleg dei siste 8-9 åra. Kronesvekkinga sidan 2011/12 har vore over 50 % mot dollar, 40 % mot Euro og 30 % mot pund. På mange måtar har det vore vanskeleg å peike på klare årsaker til det ut i frå makroøkonomiske og fundamentale forhold sidan det trass alt har gått ganske greitt her på berget i same periode. Kronesvekkinga har derimot sjømatnæringa i all hovudsak nyte godt av, i form av auka eksportverdiar og betre fyrstehandsprisar, også no under korona. 

 

Oljeæraen nærmar seg slutten

Verda rundt oss har samstundes diverre blitt meir usikker dei siste åra som eit resultat av ei dreiing mot meir proteksjonisme og nasjonalisme. Ein veit i tillegg at oljeæraen nærmar seg slutten, bærekraft og miljø blir stadig viktigare og AS Noreg har dermed visse utfordringar knytt til kva vi skal eksportere og livnære oss av i framtida. Dette legg ein også merke til ute i den store vide verda. Noreg er i tillegg ein liten perifer og open økonomi som blir prega av aukande global geopolitisk- og politisk risiko. I eit sånt klima har store økonomiar, som tryggare hamner, i all hovudsak fått kapitaltilgangen. Prisinga av AS Noreg, målt i kroneverdien, blitt deretter. Kronesvekkinga verkar difor i stor grad å vere eit resultat av at globale aktørar ikkje ser noko framgang i omstillinga av norsk økonomi. Ei omstilling som skal vere levedyktig og bærekraftig også etter oljealderen, og vere løysinga som kan/skal kompensere for bortfallet av oljeinntektene. Dette er me i stor grad er avhengig av for å kunne oppretthalde same velferds- og kostnadsnivå. 

 

Betra konkurranseevne

Reprisinga har uansett ikkje vore så gale at det ikkje har vore godt for noko.  Det har mellom anna redda norsk konkurransekraft i perioden, oppretthaldt velferdsnivået, haldt verksemde i sving, haldt folk i arbeid og gitt store positive eksportverdibidrag, bl.a. i sjømatnæringa. Store kurssvingingar både på kort og lang sikt har uansett gjort det rimeleg utfordrande å ta gode og presise beslutningar i verksemdene kringom. For ei næring opptatt av føreseielegheit og stabilitet hadde meir stabile kursar sannsynlegvis vore å føretrekke. Totalt sett har uansett kronesvekkinga bidrege til at konkurranseutsette næringar i AS Norge har klart å vere konkurransedyktige i eit land prega av eit høgt kostnadsnivå. Me kan uansett ikkje forvente at det er vedvarande kronsvekking som skal redde konkurransekrafta i framtida. 

 

Paradigmeskift i krona

Det føregår ei viss omstilling av norsk økonomi, men reduserte oljeinntekter og bortfallet av disse i framtida er ikkje noko ein klarar erstatte over natta. Me har difor sett eit paradigmeskifte i krona, og målt historisk vil me nok sjå ei svakare krone mot dei fleste valutaer enn det som har vore snittet dei siste 20 åra i framtida. Mogleg nivået omkring ti og ni difor er den nye normalen mot Euro og dollar på lang sikt. Den initielle kronesvekkinga kring pandemiutbrotet var uansett altfor stor og utan sidestykke, og me sa i slutten av mars at dette truleg ville bli reversert over dei neste månadane. Sidan den gong har me sett  kronestyrking dei siste fire strake månadane mot dei fleste valutaer, før me no igjen handlar sidelengs så langt i september. Dette har bidrege til store stimulansar for sjømatnæringa i fyrste halvår, dog med avtakande effekt, men i andre halvår vil svakare krone truleg ikkje gi nokon marknadseffekt i det heile i mange marknadsområde. Både dollar, pund og yen er tilbake på nivå me såg pre korona. 

 

Kronestyrking i det siste

Det er det fleire årsaker til. Den viktigaste er truleg at globale aksjemarknadar har fått vind i segla som følge av rentefall og store statlege likviditetspakkar, med andre ord auka risikovilje i marknaden. Dog med ein liten korreksjon att for augneblinken.  Det andre er at Oljeprisen har etablert seg kring 40 USD fatet som følge av produksjonskutt, og her heime har me fått «oljeskattepakken» som skal stimulere investeringar. Det redusera nedsiderisikoen for norsk økonomi. Til slutt har gjeninnhentinga av norsk økonomi gått raskare enn forventa, og me ser fall i ledigheit, oppgang i detaljomsetnad og stigande bustadprisar. Summa summarum har marknaden difor byrja prise inn at Norge truleg blir det fyrste landet som hever styringsrenta i kjølvatnet av korona. Totalt sett har det bidrege til sterkare krone over dei siste fem månadane. 

 

 

Korona

Globalt heng korona som eit tungt skydekke over marknadane. Det avgrensa marknadsadgang, fordyrar logistikk, set HORECA marknaden i kneståande og gir varierande endringar i kjøpekraft og forbrukaråtferd. Etterspurnaden og prisane har falt for dei fleste artar og produkt, medan pelagisk har klart seg bra som eit rimeleg og haldbart alternativ når konsumet i stor grad haldast oppe av vekst i daglegvarehandelen. Totalt sett gjere korona det vanskeleg å spå noko om korleis hausten og den komande vinteren blir for fiskerinæringa. Utviklinga er i stor grad styrt av virusspreiinga og tiltak kring det snarare enn økonomiske og marknadsmessige forhold. Me vonar likevel at både utøvinga og resultatet av fisket dei komande månadane stort sett blir bra på bakgrunn av 2020 så langt. 

 

Krona og korona

Svakare krone dempa koronaeffektane i fyrste halvår. I andre halvår er den fordelen nærmast borte i ein situasjon der korona framleis skapar store implikasjonar for sjømatmarknaden. I resten av 2020 hadde det difor vore ein fordel om dempa koronaeffektar og ergo betre etterspurnad kunne ha motverka kronestyrkinga me har sett siste månadane. Der er me diverre ikkje heilt enno, sidan det mange stadar framleis er smitteoppblomstring og strenge tiltak for å bøte på dette. Trøysta får då vere at vesentleg kronestyrking frå dagens nivå er lite truleg så lenge korona framleis har den globale verda og marknadane i ei skrustikke. For næringa er det uansett diverre slik at krona og korona ikkje lenger går like hand i hand.