I talen til årsmøtet peika ho på at det må kome eit tydlegare skille mellom naudsynte utslepp og det ein kan unngå.

- Vi kan ikkje kome dit at auka avgifter hindrar oss i å levere sunn, klimavenleg og berekraftig mat til verda, sa Aasnæs.

 

Tette skott

I talen peika ho også på at det framleis er tette skott mellom dei fiskeripolitiske og klimapolitiske måla, og at ein har meir å tene på å sjå dette i samanheng.

- Det er venta at vi skal innfri på begge områda, men vi kjem aldri i mål med det grøne skiftet om ikkje næringa og forvaltninga spelar på lag. Eit døme på dette er at det skal greiast ut om dei største kystfartøya skal sendast ut på havet i torskefisket, sa Aasnæs.

 

Vindkraft

Ho kom også inne på det som er hovudtemaet på årsmøtet til Fiskebåt Vest denne gongen, nemleg utbygging av vindkraft til havs.

- Ei av våre viktigaste saker no er å sikre at utbygginga av havvind blir gjennomført på ein måte som ikkje fortrengar fiskerinæringa. Vi er ikkje motstandarar av ny næringsaktivitet i havromet, men vi krev at det ikkje skjer på kostnad av fiskeriressursane og fiskerinæringa. Det er positivt at regjeringa har vore tydeleg på at dette skal gjelde, sa Aasnæs.

 

Viktig med stabilitet

Aasnæs var også innom fleire andre sentrale tema i talen sin til årsmøtet. Ho viste til at det har vore eit godt år for norsk sjømatnæring. Eksportverdien kjem truleg til å ende på rundt 150 milliardar kroner, men trass dette har det vore eit år med fleire utfordringar. Russland si krigføring i Ukraina med påfølgande sanksjonar har ført til energikrise som igjen har ført til auka kostnader på drivstoff og andre varer.

Særleg for makrellfisket har dette gitt utfordringar som på grunn av manglande sonetilgang ikkje har kunne fiske i britisk sone. Trass dette har flåten greid å fiske 95 prosent av den norske makrellkvoten.

- Summen av usikkerheita er stor, og vi står framfor store utfordringar både i forhold til klimautfordringane, dokumentasjon av miljøavtrykket i tillegg til usikkerheita som ligg i forhold til kvotene framover, sa Aasnæs, og oppmoda til politisk stabilitet framover.

I løpet av vinteren skal regjeringa legge fram sitt forslag til ny kvotemelding for stortinget, der rammevilkåra framover skal avklarast.