Dei to årlege reguleringsmøta tar normalt stilling til korleis dei årlege kvotane skal fordelast innafor rammene som er gitt. Kvart år blir det fastsett forskrifter som regulerer dei forskjellige fiskeria. Desse forskriftene blir diskutert i to årlege reguleringsmøte, som fungerer som ei offentleg høyring der forvaltning, næring og andre interesseorganisasjonar deltek i eit fysisk møte og diskuterer sakene over bordet.

 

Her kan du lese meir om «reguleringsmøtet»

 

Når Fiskeridirektoratet har mottatt alle innspela, sender dei det endelege forslaget over til Nærings- og fiskeridepartementet, som fastset forskriftene som normalt gjeld for eit år. I år blir det altså ikkje gjennomført eit fysisk møte, men i staden lagt opp til ein høyringsrunde. Fiskeridirektoratet har lagt ut dei aktuelle dokumenta på si nettside. I år kan også andre som vanlegvis ikkje deltek i reguleringsmøta sende inn sine innspel på høyringsdokumenta Innspela må vere skriftlege og sendast inn til direktoratet innan 5. november.

 

Her kan du lese dokumenta får Fiskeridirektoratet