Tidlegare har fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen sagt at direktoratet ikkje lenger skulle ha noko hovudkontor, men at leiarfunksjonane skulle fordelast på alle kontora i direktoratet. No er fiskeriministeren tydeleg på at direktoratet framleis skal ha eit hovudkontor, og at det skal ligge i Bergen, skriv Bergens Tidende.

Dette førte til ei rekke reaksjonar og kritikk mot både direktoratet og regjeringa frå flerie halde. Mellom anna byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og kom med krav om at fiskeriminister og partifelle Bjørnar Skjæran måtte snu saka. Det same gjorde stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp). Han sende difor eit skriftleg spørsmål til fiskeriministeren, gjengitt i Bergens Tidende.

«Er statsråden einig i at hovudkontoret til Fiskeridirektoratet skal vere i Bergen?» spurte han.

Fredag kom svaret: – Det korte svaret på representanten Njåstads spørsmål er «ja», skriv Skjæran i svaret. Hovudkontoret til Fiskeridirektoratet skal framleis vere i Bergen. Det som no er foreslått som endring, er forholdet mellom hovudkontoret og dei som i dag er regionalt tilsette, held Skjæran fram. 

I dag har Fiskeridirektoratet 450 tilsette på 20 kontor rundt om i landet. Rundt 200 av dei held til i Bergen. Dei to nye divisjonane får no ansvar for å styre sine saksfelt frå Lindesnes til Nordkapp. Omorganiseringa som trer i kraft 1. oktober er mellombels. Den endeleg organiseringa er det regjeringa som skal avgjere.