I talen viste han til at fiskerinæringa heilt frå starten har vore pragmatisk i forhold til at andre næringar også skal kunne bruke havareala, men at dette ikkje kan skje før ein har meir kunnskap om kva følgene er for fiske- og dyreliv.

- Det er frustrerande at det ikkje blei gjort nokon tilstrekkeleg analyse av forholda ved dei to vindkraftverkprosjekta Hywind Tampen og Havsul I. Dette kan ikkje kallast sameksistens, men er ei direkte overkøyring, sa Ytterstad.

Ytterstad poengterte også at ei berekraftig næring er ein føresetnad for å kunne selge fisken til stadig meir kritiske forbrukarar. Difor må næringa også vente seg at det blir ytterlegare krav til dokumentasjon og sporing av produkta.

I opningstalen var naturleg nok Ytterstad også innom rammevilkåra for næringa som er grunnlaget for eksistensen og vidare utvikling. Dette er også tema i det politiske ordskiftet som det er lagt opp til i det digitale årsmøtet.

 

Les også;

Klart for Fiskebåt Nord-årsmøte