I høyringssvaret viser Fiskebåt til at fiskeflåten over lang tid har gjort eit viktig arbeid med å plukke opp og føre i land eigarlaust marint avfall. Det kan vere avfall frå andre fiskefartøy eller skipsfartøy, frå tidlegare generasjonar, frå andre kilder enn fiskeri, og ikkje minst er ein del avfall frå andre nasjonar.

 

Dugnad for samfunnet

- Dette har kosta både tid og pengar, og er et arbeid fiskeflåten har gjort på vegne av Norge og det norske samfunnet. Fiskebåt meiner at staten bør bidra med økonomisk støtte til dette arbeidet, utover den støtta som allereie ligg i arbeidet med å rydde opp innrapportert tapte fiskereiskapar, skriv Fiskebåt i høyringsbrevet.

Fiskebåt viser til at dette arbeidet vil koste langt meir enn oppryddingstoktet som blir gjennomført ein gong i året.

 

Spleiselag

- Vi meiner det vil vere meir riktig at kostnaden med opprydding blir delt gjennom eit spleiselag mellom fiskeflåten, resten av skipsfarten, hamnene og staten. Til dømes vil ei utfasing av Fishing for Litter ordninga kunne frigjere årlege midlar til ei slik tilskotsordning. Det bør heilt klart vere mogleg å finne ei ordning på dette som inneber lite eller ingen administrative kostnader, skriv Fiskebåt.

Ifølgje Miljødirektoratet vil det nye regimet koste fiskeflåten mellom 5,9 og 7,5 millionar kroner årleg, som vil gi eit snitt på mellom 1000 kroner og 1400 kroner i årleg meirkostnad per fartøy.

 

Her kan du lese høyringssvaret frå Fiskebåt.

 

Les også;

Fikk oppvaskemaskin i trålen

Fishing for Litter – avfallet skal på land

Fisket 200 tonn søppel