Selvåg Senior AS har planar om å bygge eit nytt stort ringnotfartøy. Fartøyet vil bli ein LNG-hybrid med stor batteripakke og det vil også vere mogleg å kople til landstraum. I tillegg vil der vere tekniske løysingar for varme- og kuldegjenvinning for energiproduksjon. 

 

Får lån på 30 millionar

Etter planen skal det nye fartøyet bidra til en reduksjon i klimagassar med 42 prosent samanlikna med konvensjonelle fartøy.

No får selskapet eit lån frå staten på 30 millionar kroner, som ein del av ei støtteordning gjennom Innovasjon Norge som har som mål å styrke satsinga på grøn omstilling.

 

Koronatiltak

Som ein del av koronatiltaka for å hjelpe næringslivet har regjeringa etablert ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart og en låneordning for skip i nærskipsfart og fiskeflåten. Ordningane skal stimulere til «grøn» fornying av flåten og redusert klimagassutslepp frå skipsfarten. Pengane går blant anna til miljøvennlege investeringar på nybygg av skip, elektrifisering og bruk av energibærar som ammoniakk og LNG.

 

Les også;

Nye Selvåg Senior reduserer klimagassutsleppa med 42 prosent