I år er det er ei kvote på 70 000 tonn lodde i Barentshavet. Det er første gong sidan 2018 at det er opna for loddefiske i Barentshavet, og før det igjen var det ikkje noko fiske sidan 2015.

Både fiskarar og forskarar rapporterer om at det er meir lodde i dette området enn på mange år. Fiskebåt har difor lenge pressa på for å få ei systematisk kartlegging av bestandane.

- Det er store variasjonar frå år til år, men vi ser at 2019 er ein veldig sterk årsklasse, og 2020-årsklassen er også over snittet, seier Georg Skaret.

 

Vintertokt

Dei siste åra har forskarane gjennomført vintertokt med ringnotfartøya Eros og Vendla i Barentshavet. Tokta har tatt utgangspunkt i område der ein har tidlegare fangststatistikk frå.

- Gytetokta har blitt gjennomført i februar/mars kvart år. Vi har valt dette tidspunktet for at resultata skal kunne brukast til å gi kvoteråd. Då er det viktig å ha det tidleg nok til at det er relevant, seier Skaret.

Forskarane meiner dei har fått gode data, og at funna samsvar godt med det som er observert på hausten. Dei har også funne at det er ein tett samanheng mellom loddebestanden og mengdene med ung NVG-sild. Når det er mykje NVG-sild blir det lav rekruttering av lodde, og er dermed med på å forsterke dei variasjonane ein ser på loddebestanden i Barentshavet.

 

Forholdet til Russland

Ei ulempe er at det ikkje har vore mogleg å samle inn data frå russisk sone. Den situasjonen har heller ikkje blitt betre etter Russland sin invasjon i Ukraina. Forskingssamarbeid med Russland er usikkert og har mellom anna ført til at Russland er utestengt frå det internasjonale havforskingsrådet, ICES. Skaret håpar likevel at ein kan utveksle forskingsdata med russarane.

- Viss vi ikkje får data frå russarane blir det vanskeleg. Det er veldig viktig at vi får dette og at vi kan oppretthalde ein dialog mellom norske og russiske forskarar, trass situasjonen vi er i, seier Skaret.

 

Planlagt møte

I mai er det planlagt eit fysisk møte mellom norske og russiske forskarar for å diskutere torsk og hyse. Ifølge Skaret vil dette møtet vise kva ein kan vente seg i forhold til vidare samarbeid om loddeforskinga.

- Vi har ein førebels plan om å få til eit bilateralt møte med russiske forskarar i oktober, og ein metoderevisjon i slutten av november. Deretter får vi vurdere vegen vidare. Om ICES godkjenner dette kan vi kanskje gi eit råd etter eventuelt nye forvaltningsreglar frå hausten 2023.