- Tid? Eg har eigentleg ikkje tid til dette vervet, men eg har heile livet hatt eit stort samfunns-engasjement. Eg ser det som viktig å engasjere meg når eg blir spurt om å gjere det. No når eg gir meg som leiar i Fiskebåt Vest, kjem eg til å bruke denne tida på landsstyret i Fiskarlaget. Det å få jobbe aktivt for fiskarane sine interesser er kjekt, seier Leinebø.

Han har akkurat kome innom kontoret sitt i Fosnavåg – eit lite kvarter etter det som var avtalt tid. Den karakteristiske linekroken er som vanleg festa til jakka, slik den alltid er enten det er kvardags eller fest. Ingen skal vere i tvil om at det er ein linefiskar vi har med å gjere.

 

Følg årsmøtet til Fiskebåt Vest direkte her - frå fredag kl. 10.00

 

Familieverksemd

Kontorfellesskapet deler han med kona, to døtre og svigersonen. Sonen er på sjøen som skipper på Leinebris. Så praktisk talt heile familien er engasjert i fiskeriverksemda heile vegen frå det å fange fisken til å selje den til kunder i heile verda.

- Det fungerer fint og vi har det veldig kjekt i lag. Vi pratar jobb når vi er her, og når vi sit rundt søndagsmiddagen har vi så mykje anna å snakke om. Vi er så heldige at vi er friske og har fått ni barnebarn, så det er nok av andre ting å fokusere på når vi er samla.

Sjølv starta han fiskarkarriera for vel 40 år sidan, då faren brått måtte gi seg på grunn av sjukdom. Dei hadde då båten Leinefisk og kjøpte etter kvart den første Leinebris, der Paul Harald måtte ta ansvaret frå første dag, og blei skipper om bord i ein alder av 22 år.

 

Den første Leinebris, der Paul Harald Leinebø starta si fiskarkarriere. Foto: Leinebris.

 

- Eg hadde planar om å bli lærar og jobba faktisk som det året etter at eg var ferdig på gymnaset, men så blei far min sjuk og eg måtte ta over drifta av båten. Difor blei det skipperskule på meg og godt og vel 20 år på sjøen som aktiv fiskar og skipper.

 

Inspirert av far og svigerfar

Med dette starta også eit langt engasjement i organisasjonslivet. Med både far og svigerfar som var aktive i det lokale fiskarlaget og fiskarorganisasjonar, så var det ikkje så mykje val for Paul Harald heller. I tillegg til fiskeriengasjementet blei det oppgåver i lokalpolitikken som representant for KrF, der han i siste perioda også var varaordførar. I fleire år var han ordførar på Fiskebåt sitt sentrale årsmøte i Oslo, før han tok på seg oppgåva som styreleiar i Fiskebåt Vest. No ser han fram til å vere med å legge føringane for korleis Fiskarlaget skal vere framover.

- Eg er meir eller mindre fødd inn ei fiskarfamilie og dette har eg tatt med meg vidare. Vi har ei lang historie i organisasjonen, og eg håpar eg kan vere eit bindeledd for heile landet. Det er viktig at vi har med oss ryggrada og historia. No er det avgjerande at vi greier å jobbe som eit samla lag framover. Vi må få med og lytte til dei yngre kreftene i organisasjonen. Det er viktig at alle får seie sitt, og at vi lærer kvarandre betre å kjenne. Laget må stå samla – vi må seie VI og samarbeide betre uansett kvar ein bur i landet. Min fordel er at eg er tålmodig, og håpar vi kan få til meir samtale og dialog enn det som har vore den siste tida, seier Leinebø.

 

Tålmodig folkeferd

Ifølge Leinebø er linefiskarane eit tålmodig folkeferd, og tålmodet har kome godt med i fleire samanhengar.  

- På havet konkurrerer vi, men eg skulle ynskje at vi var endå flinkare til å snakka kvarandre opp, uansett kva flåtegruppe det gjeld. Vi er fiskarar -  havets folk, seier Leinebø.

Ifølge Leinebø er det viktig å ha eit langsiktig perspektiv på det ein driv med, og kanskje i ekstra stor grad i linefisket som både kan vere arbeidskrevande og kostbart.

- Ein kan ikkje vere så fokusert på kortsiktig gevinst. Vi må heile tida tenke langsiktig og ta eit steg i gongen. Men vi har kompetansen og utviklar dette stadig i lag med utstyrsleverandørane. Vi leverer sunn og berekraftig mat til verda, og eg trur det framleis vil vere ein marknad for desse produkta. Tenk kor fantastisk det er å kunne ta vare på kvar enkelt villfisk som frivillig bit på kroken vår. Det å få jobbe med kvalitetsfisk til kvalitetsmarknadar ute i verda er ei ære, og er kjempespanande. Eg trur på kvalitet framfor kvantitet. Som verdas beste sjømatnasjon må vi ha trua på at kvaliteten er verdt å kjempe for.

Fristar det ikkje å prøve seg på anna fiskeri, som til dømes snurrevad slik enkelte andre gjer?

- Hadde eg vore yngre ville eg kanskje satsa på noko anna. Eg har enkelte gongar tenkt tanken, men har aldri vore freista til å skifte. Det å få reindyrke eigen kompetanse og i lag med andre vere ein av spydspissane på sitt felt, er tilfredstillande nok -  også internasjonalt. Dessutan likar eg å gå mine eigne vegar, og når nokon seier at noko ikkje er mogleg eller vanskeleg girar vi opp, vi må bevise at det er mogleg. Som linefiskar har vi ei utruleg staheit i oss, seier han.

 

Tidleg ute med skiftordning

Slik var det også då reiarlaget i 1985 innførte skiftordning med faste turnusar for mannskapet. Eit nokså radikalt grep for fiskeflåten den gongen.

- Det var langt frå vanleg og det var mange som sa at dette var slutten for verksemda, og at det ikkje ville gå. Også bankane var skeptiske til at vi innførte ei slik ordning. Det vanlege den tida var at vi var sju veker på sjøen, så hadde vi eit par dagar heime før vi for ut igjen. Det var ikkje akkurat så familievenleg, seier han ettertenksamt. Og alt for mykje ansvar for ho som var aleine heime i lange periodar.

Med tre små ungar heime (alle fødd i april, og sikkert unnfanga etter brosmesesongen) var det kona Karina som måtte ta støyten. Ho kom sjølv frå ein fiskarfamilie på Remøya og viste korleis livet var både for fiskaren og fiskarkona.

- Eg hadde faktisk «griseflaks» som fekk meg ei jente får den øya ja, men det er klart det var tøft å reise frå ungane når dei var små. Eg hugsar godt dei små hendene som ikkje ville sleppe taket når eg for på sjøen, men det var slik det var. Ofte gret dei seg til søvn før eg for. Det positive var at eg kjende meg som nygift fleire  gongar i året – kvar gong vi kom heim. Akkurat det saknar eg innemellom, no når det går meir på det jamne, humrar han.

 

Lengsel etter havet

Han lengtar tidvis til sjølivet, konkurransen, jakta på fisken og gleda av å få mannskapet til å fungere godt i lag.

 

Paul Harald Leinebø kjenner ofte lengselen etter å reise på havet. Samtidig har han stor respekt for familiane som gjennom tidene har venta på land. Her uttrykt med «fiskarvkinna og hennar to barn» i hamna i Fosnavåg. Foto: Odd Kristian Dahle.

 

- Eg likar å jobbe i lag med andre, og når ein er på sjøen er det ikkje så strenge krav til korleis ein tek seg ut. Det er mindre styr, og ein treng ikkje ordne sveisen og barten kvar dag heller. Det har sine fordelar å vere på fiske, men det er avgjerande å skape eit godt og inkluderande miljø om bord. Mannskapet både lever og jobbar tett i lag, så då er det viktig å ha gode rutinar for å få dette samhaldet til å fungere best mogleg, seier han. Tenke seg til gleda av å kome mot land, bølgene stillnar, båten er fullasta, folk gløder i auga etter vellukka innsats. Det er utruleg kjekt, seier han.

 

Trakassering

Mediesakene om trakassering i fiskeflåten den siste tida er også ei sak som pregar den avtroppande styreleiaren.

- Det som har kome fram er på mange måtar nytt for oss. Alle som er om bord – enten det er gutar eller jenter skal oppføre seg skikkeleg. Og dei fleste greier dette heilt fint. Det er heller ikkje noko unnskulding at det er fysisk krevande arbeid. Det må vere nulltoleranse for all trakassering, enten det er mot kvinner, lærlingar eller andre. Dei som tar opp slike problem skal heller ikkje bli mobba for det. Vi skal ikkje ha det slik om bord i norske fiskebåtar, men heldigvis oppfører dei fleste seg veldig bra, seier Leinebø.

Han viser til at slike handlingar i verste fall kan føre til oppseiing.

- Personleg trur eg denne «oppvekkinga» her lært oss at på havet går vi inn i ei ny tid, der både jenter og gutar, offiserar, skiperar og reiarar på land må vise gjennom handling at vi må ta vare på kvarandre på ein betre måte. Vi må ta omsyn til at både «snapchat» og «face-time» visar kvardagen både i arbeid om bord og på fritida, seier han. 

Leinebø har heile tida jobba aktivt med å rekruttere ungdomar inn i næringa. Han har ofte tatt inn dei som av forskjellige årsaker ikkje har passa heilt inn i skulesystemet, men som kan vere knakande gode arbeidsfolk på sjøen.

- Eg har eit stort engasjement for å satse på yngre krefter. Det er noko vi også har lykkast med i Fiskebåt Vest. Vi har no ei fin aldersfordeling i styret, og det håpar eg vil halde fram. Det er tross alt dei som er unge no, som skal drive dette vidare inn i framtida. Organisasjonsarbeidet er til det beste for oss fiskarar. Samla står vi sterkast, seier Leinebø.