Oppsummering så langt 2020

Så langt i år har Sildesalgslaget omsett for ni milliardar kroner, som er den høgaste omsetnaden nokon gong. For tilsvarande periode i fjor var omsetnaden på 7,2 milliardar kroner.

 

Hovudårsakene er;

• Svak krone har stimulert prisbiletet både til konsum og til mjøl/olje.

• Pelagisk etterspurnad har tatt seg opp under korona; rimelegare og haldbart proteinalternativ som er godt tilpassa daglegvarehandel/heimekonsum.

• Vareflyten i Asia har fungert betre enn frykta.

• Fleire landingar av makrell frå utanlandsk flåte i Q1, høgare makrellkvote i 2020.

• Rekordomsetnad på kolmule grunna god kvote og gunstig pris.

• Gunstig prisutvikling på nordsjøsild og NVG-sild, både NOK og etterspurnadsdrive.

• Begrensa lager og gode kvotar(spesielt tobis).

• Tilpasningsdyktig næring.

 

Fiskemjøl-/olje

• Fangst til fiskjemjøl-/olje blir stadig viktigare for flåten sin omsetnad. Frå ein andel på 16 prosent i 2017 har denne stege til 28 prosent så langt i 2020.

• I 2019 blei det rekordomsetnad til fiskemjøl/olje på 1,9 mrd. Til no i år er denne rekorden allereie smadra, og me har no bikka 2,5 mrd. i 2020.

• Prisgunstig utvikling som følge av stigande prisar internasjonalt grunna auka etterspurnad i vår, svakare NOK og betra konkurransesituasjon i Norge med fleire

mottakarar.

 

Kolmule

• Stabile kvotar dei siste fem åra og gunstig prisutvikling. Bikka ein milliard i omsetnad for fyrste gong i 2020. Til no i år er det omsett for ca. 1,16 mrd. og eit kvantum på 363 000 tonn. Det gir ein snittpris på 3,21 kroner.

• Svakare NOK og rekordhøge mjøl/olje prisar i NOK bidrog positivt for prisbiletet.

 

 

Augepål

• Fiskeri der tilgjengelegheit og lønsemd snarare enn kvote er avgjerande for kor mykje som blir fiska.

• Rekordkvantum i 2019 med ca. 60 000 tonn fiska. I 2020 ca. 61 000 tonn, dvs. 65 prosent av totalkvoten, og kvantum i EU sonen er beregna oppfiska.

Snittpris på same nivå som i fjor, 2,99 kroner. Verdi hittil 186 millionar kroner.

• Svakare prisutvikling på augepål enn for tobis/kolmule. Skuldast litt fallande prisar internasjonalt på mjøl/olje grunna store fiskeri i Sør-Amerika gjennom sumaren, samt at NOK har styrka seg markant sidan mars.

 

Tobis

• Relativt høge kvotar og godt fiskeri sidan 2017. Rekordkvote i 2020 på 250 000 tonn, om lag det doble frå i fjor.

• Det er fiska 245 000 tonn i år til ein snittpris på 3,58 kroner, noko som gir ein fangstverdi på 880 millionar kroner. Det er ein halv milliard over førre toppnotering.

• Som for kolmule er prisen eit resultat av høge internasjonale fiskemjøl/olje prisar grunna betre etterspurnad, i tillegg til svakare NOK som gav rekordprisar på mjøl/olje i NOK i vår.

 

 

Konsum

• Betre etterspurnad etter pelagisk fisk då redusert kjøpekraft som følge av koronaeffektar har favorisert rimelegare og haldbare proteinalternativ.

• Dette har løfta konsumprisar jamt over, i samband med svakare NOK.

• Det er omsett 750 000 tonn i Sildelaget til konsum hittil i år, til ein verdi på 6,75 mrd.

Det gir ein snittpris på 8,95 kroner, omlag 60 øre høgare enn i fjor.

 

Nordsjøsild

• Det er omsett 140 000 tonn Nordsjøsild til ein verdi av 900 million kroner, opp 100 millionar kroner frå 2019. Snittprisen i år er 6,47 kroner.

• I 2018 og 2019 gikk ca. 60 000 tonn til mjøl/olje produksjon, dvs. 48 prosent og 60 prosent av fiska kvantum, et resultat av stigande mjøl/olje prisar medan konsumprisane var svake og tilgjengelegheita dårleg. Til no i år er det fiska 40 000 tonn til mjøl/olje, dvs. 28 prosent av fiska kvantum.

• Større etterspurnad etter rimelege og haldbare proteinalternativ under korona har løfta konsumprisen, og dermed redusert mjøl/olje andelen.

• Snittpris på mjøl/olje i 2020 er 5,36 kroner. Konsumprisen er 6,91 kroner hittil i år, noko som er 15 prosent høgare enn på same tid i fjor.

 

 

NVG-Sild

• Noko større kvotestabilitet kring NVG-sild dei siste åra har medført til eit lite oppsving i prisane, særleg frå hausten 2019.

• Hittil i år er det omsett 310 000 tonn i Sildelaget til ein verdi av ca. 1,76 mrd. Snittprisen er 5,67 kroner mot 4,30 kroner i 2019.

• Prisauke eit resultat av ei dreiing mot rimelegare produkt og meir heimekonsum under korona, samt sjølvsagt svak NOK og lågare kvote.

• Miljøsertifiseringa på NVG sild? Mister ein denne vil ein truleg oppleve eit visst press på prisane.

• Sildelaget og Sjømat Norge er blitt einige om ein dynamisk minsteprismodell som trådde i kraft 1. september 2020.

 

 

 

 

 

Makrell

• Rekordomsetnad i 2019, trass lågare kvantum i 2019 samanlikna med 2018. Prisane meir enn kompenserte for kvotenedgangen.

• I 2020 har kvotane auka med nærmare 40 prosent, noko som totalt sett gir Noreg ein større del av makrellfisket i år enn i fjor.

• Som for sild heng kvotar og pris tett saman. Kvoteauken har gitt ein viss prisnedgang.

• Svakare NOK i haust, redusert kvoteråd 2021 og betre vareflyt i Kina enn venta bidrog til at sesongen og prisbiletet blei betre enn mange venta i sumar.

• I Sildelaget er det omsett 308 000 tonn makrell til ein snittpris på 12,99 kroner, noko som er 15 % lågare pris enn på same tid i fjor. Den norske flåten har derimot fiska 210 000 tonn, men ikkje alt er omsett enno. Under makrellfisket i haust har derimot prisen vore over 13,50 kroner i snitt, noko høgare enn venta i forkant av sesongen.

• Det er omsett makrell for over fire milliardar kroner i Sildelaget hittil i år, noko som er ny rekord og fantastiske 500 million kroner meir enn i fjor.