Straume er uroa over dei signala han har fanga opp og skriv i brevet at selskapet allereie har fått signal om at nybyggingsprosjekt er lagt på vent inntil følsame tema i kvotemeldinga er avklart.

- Vi representerer ikkje fiskerinæringa, men har drive med skipsdesign sidan 1976. Som ein representant for ei bedrift i fastlands-Norge er dette urovekkande, skriv Straume i brevet, som er sendt både til fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (Frp) og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). I tillegg er brevet også send til leiar i Næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp).

Inge Bertil Straume/Foto: Skipsteknisk

Usikkert

I brevet peikar Straume blant anna på usikkerheit rundt avkorting av strukturkvotane, eigarskap usikkerheit rundt lønsemda er faktorar som har uheldig innverknad på investeringslysta i næringa.

Straume viser vidare til at norske skipsverft og utstyrsleverandørar utgjer fleire tusen arbeidsplassar her i landet, som har blitt skapt nettopp av at Norge har vore ein leiande fiskerinasjon. Han viser også til at norske fiskefartøy har framstått som eit kvalitetsmessig fyrtårn i forhold til å ta i bruk ny miljøteknologi.

Vil ha stabilitet

Avslutningsvis skriv Straume han håpar at næringa framleis kan ha den forutsigbarheten som den er avhengig av.

Skipsteknisk har hovudkontor i Ålesund og har i tillegg kontor i Kina og Tyrkia. Dei har rundt 50 tilsette og hadde i 2018 ei omsetting på 172 millionar kroner.