Utvalet, der mellom anna Per William Lie har represntert Fiskebåt, har også sett på korleis styresmaktene kan auke effekten av dei samla kontrollressursane og forbetre evna til å avdekkje og straffe dei som bryt lova med viten og vilje.

- Kampen mot lovbrot sjømatnæringa er spesielt viktig for Norge og omdømmet vårt som ei av dei største sjømatnasjonane i verda. Vi har heilt tydeleg framleis utfordringar. Det viser for eksempel saka frå sist veke der ein avdekte eit omfattande nettverk som har fanga og omsett kongekrabbe for fleire millionar kroner, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Målet med arbeidet til utvalet har vore å få ein meir effektiv nasjonal kontroll, ein enklare kvardag for næringa og auka tillit til norsk sjømat i krevjande sjømatmarknader.

Utvalet har vore leia av direktør Magnar Pedersen i forskingsinstituttet Nofima.

Du kan  følge pressekonferansen på Nett-TV www.regjeringen.no/nfd