Ingebrigtsen var tydeleg på at han ønskar ein tett dialog med næringsaktørane, og at han vil ha ei avklaring på desse spørsmåla i god tid før strukturgevinsten skal tilbake i 2027.

- Eg håpar vi kan få rask avklaring på desse spørsmåla, men det er ikkje berre kvotesystemet som er komplisert. Det gjeld også den politiske behandlinga av den. Likevel har eg tru på at vi skal finne gode løysingar, seier Ingebrigtsen.

 

Investeringar på vent

Fiskebåtmedlem og Havfisk-direktør, Webjørn Barstad, fortalte statsråden at dei har fleire store investeringar på vent som følgje av den usikre politiske situasjonen.

 

Webjørn Barstad (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

- Vi har lagt bort investeringsplanar for rundt ein milliard kroner. Dette er ein følge av omfordelingar i kvotesystemet, som fører til store tap av volum for vårt anlegg i Båtsfjord. Diverre opplever vi ikkje at det er nokon politisk dialog. Tvert om, vi opplever berre støy. Så eg håpar at vi kan kalle deg dialogministeren, når historia skal skrivast, sa Barstad.

 

Tid for å bruke fornuft

Stortingsmeldinga om eit nytt kvotesystem blei vedtatt i stortinget i vår, men med ordre til regjeringa om å konsekvensutgreie nokre av punkta.

- No er det tid for å bruke sunn fornuft og prioritere samarbeid framfor partipolitikk. Her må vi ha sterkt fokus på å skape meir og få investeringane i gang igjen. Vi treng meir enn nokon gong ei berekraftig fiskerinæring, sa Ingebrigtsen.

 

Stor interesse

Nesten 80 personar deltok på medlemsmøtet til Fiskebåt Vest, der internasjonale avtalar og klimautfordringar for fiskeflåten var tema i tillegg til kvotemeldinga.