Her gjengir vi teksten frå nettsida til Havforskingsinstituttet;

 

I fjor sommar enda tobiskvoten på rekordhøge 250 000 tonn. Det var etter at forskarane kunne jekke opp kvoterådet sitt to gonger frå 70 000 til 110 000 til 250 000 tonn.

– Vi er glade for å kunne seie at det ser ut til at veksten har halde fram. Tobisbestanden i dei sørlege delane av norsk sone i Nordsjøen har truleg ikkje vore større sidan starten av 90 talet, seier Espen Johnsen, tobisansvarleg ved HI.

 

Tobisen kunne ete seg feit i fjor

Forskarane trekk fram fleire år med solide årsklassar kombinert med relativt beskjeden hausting som grunnar til at han har fått auke. 2020 var i tillegg eit år med mykje dyreplankton i havet – mat for små tobisar.

– For rekrutteringa, altså kor mykje ny fisk som veks opp, var 2016 var eit godt år, 2018 eit greitt år, og 2019 eit ekstremt godt år. No tyder det på at også 2020 har vore bra. Men det er framleis tidleg å konkludere, seier forskaren.

(Les den faglege rapporten bak kvoterådet.)

 

Kan auke det forsiktige førsterådet seinare

For å få eit tidleg signal om korleis rekrutteringa har vore, støttar forskarane seg på resultata frå eit årleg tokt i desember. Der leitar dei etter yngel i sanden med botnskrape.

Denne metoden gir indikasjonar snarare enn klare svar. Det er både fordi sjølve skrapemetoden har ein del usikkerheit og i tillegg er våren ei kritisk tid for yngelen. Overlevinga varierer frå år til år ut frå mattilgangen i havet.

Det førebelse kvoterådet skal derfor alltid vere på den forsiktige sida. I mai oppdaterer forskarane rådet etter å ha sjekka stoda for tobisen med eit nytt, akustisk tokt (sjå faktaboks).

 

Tobisbankane lengre nord er framleis «tomme»

– Det som kjenneteiknar den særnorske suksessmetoden for tobis, er at vi gir kvoteråd for delområde i Nordsjøen, eller nærmare bestemt per sandbanke-område. Dei unge tobisane er avhengige av sand, og held seg på «sin» banke, forklarer Johnsen.

I år igjen er det sør i norsk sone at ting går bra for den litle fisken. I dei nordlege delane av felta AlbjørnLing, Nordgyden – og heile Vikingbanken lengst nord – er bestanden framleis kritisk låg.

– Vi anbefalar at desse felta blir haldne stengt for fiske, slik dei har vore lenge, seier Johnsen.

 

Greier ikkje hente seg inn

Vikingbanken har vore stengt i 20 år no.

– Vi veit rett og slett ikkje kvifor desse områda ikkje greier å hente seg inn igjen. Kanskje er det rett og slett for få tobisar igjen til at dei greier å reetablere seg, seier Johnsen.

– Dette er noko vi ønsker å undersøke nærmare, avsluttar han.

 

Fakta om tobis

  • Latinsk navn: Ammodytes marinus
  • Andre norske navn: Havsil
  • Familie: Ammodytidae
  • Gyte- og leveområde: Vikingbanken til danskekysten, Dogger, Storbritannia og ved Shetland
  • Føde: Små planktoniske krepsdyr (raudåte), fiskeegg og -yngel
  • Levetid: Sjeldan over 10 år
  • Maks storleik: 24 cm og 0,1 kg
  • Særtrekk: Grev seg ned i sandbotnen.