Den tidlegare profilerte Senterpartipolitikaren som no er dagleg leiar i vindkraftbransjen sin interesseorganisasjon, Norwea, var ein av fleire innleiarar på Fiskebåt Vest sitt årsmøte i Ålesund. Med vindkraft som hovudtema var Haga innom at både Norge, Europa og resten av verda går mot energimangel.

- I 2026 vil Norge gå med kraftunderskot. Dette gapet må tettast, og for Norge sin del er det ikkje så mange andre muligheiter enn å bygge ut vindkraft på land. Store utbyggingar på havet er truleg ikkje aktuelt før etter 2030, sa Haga til årsmøtet.

 

Norge ligg langt bakpå

Ifølge Haga er Norge langt bakpå samanlikna med andre kystnasjonar i Europa.

- Norge har ambisjonar om å bygge ut 30 TerraWatt (TW) innan 2030. Storbritannia skal bygge ut 50, Tyskland 30 og Nederland 22 TW. Andre land med mindre kystlinje enn Norge har langt større ambisjonar enn det vi har i Norge, sa Haga.

 

Kunnskapsmangel

For fiskerinæringa er eit viktig poeng i debatten at det er for lite kunnskapar om korleis utbyggingar av vindkraft påverkar livet i havet. Dette blei også i stor grad stadfesta av Anne Christine Palm, som for forskar ved Havforskingsinstituttet.

- Vi har for lite kunnskap om effektane av slike utbyggingar. Til dømes er det enkelte undersøkingar som viser at fisk blir tiltrekt av vindturbinar, men vi veit ikkje om dette fører til meir fisk, eller om det blir motsett. For å kartlegge slike forhold må vi følge ei utbygging frå før byggestart, under utbygging og etter utbygging, sa Palm.

 

-Atomkraft er løysinga 

NTNU-professor Jan Emblemsvåg jobbar med kjernekraft og meiner at løysinga ligg der, ikkje minst fordi det gir stabil tilførsel.

- Skal ein bygge ut vindkraft, så treng ein balansekraft. Det vil seie at når vinden ikkje bles, så er ein avhengig av andre energikilder. I dag er det for Norge sin del importert kraft frå andre stader i Europa. Skal ein bygge ut 30 TW med vindkraft, må ein ha 30 TW i balansekraft, sa Emblemsvåg.

 

Jan Emblemsvåg, professor ved NTNU. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.