Årsmøtet til Fiskebåt Vest blir, som for dei andre regionale årsmøta i Fiskebåt, arrangert som eit digitalt møte gjennom plattformen Zoom. Møtet blir difor litt kortare enn normalt og med berre ei fagsak i tillegg til dei vanlege årsmøtesakene.

Fagsaka i år blir konsekvensar av Brexit for norsk fiskerinæring. Dette er eit uoversiktleg og omfattande sakskompleks. Det blir lagt opp til ei brei gjennomgang av temaet, med fleire innleiarar. 

Fiskeri- og sjømatministeren skal gjere for status i forhandlingane og eit framtidig samarbeid med EU og Storbritannia innan fiskeri. 

Hans Frode Kielland Asmyhr, som er Sjømatrådet sin utsending til Storbritannia, er også blant innleiarane og skal snakke om marknadstilgangen for norsk fisk i Storbritannia.

 

Les også;

Nord og Sør går digitalt – Vest har ikkje bestemt seg

Fiskebåt-årsmøtet blir utsatt