Fiskeriministeren med likestillingsoppmoding til flåten
Fiskeriminster Odd Emil Ingebrigtsen har skrive eit ope brev til fiskeflåten, der han ber reiarane ta ansvar og slå hardt ned på saker der det førekjem trakassering og mobbing.
8 okt 2021
Den siste tida har det kome fleire historier gjennom media der det kjem fram at kvinnelege fiskarar har opplevd trakasering. I brevet oppmodar fiskeriministeren alle om å ta ansvar, og peikar på at fiskerinæringa skal vere ein trygg arbeidsplass for alle.