Skipper Kjell Inge Haram viser stolt fram trålaren Havbryn som er i ferd med å ta juleferie i Ålesund. No er årets kvote tatt og då er det berre å vente til over nyttår før båt og mannskap igjen kan sette kursen nordover.

- Då blir det nok først ein tur til Barentshavet for å hente litt torsk, seier Haram.

Han fortel engasjert om både korleis trålen fungerer og korleis fisket etter forskjellige artar blir fordelt utover året.

Studietur

I dag var det besøk om bord frå tilsette i Sjømatseksjonen i Nærings- og fiskeridepartementet. Seksjonen har vore på ein to dagar studietur til Sunnmøre. Til dagleg jobbar dei mykje med restråstoff og korleis ein kan få betre utnytting av det. Og om bord i Havbryn fekk dei eit godt innblikk i korleis dei lagar både mjøl og olje av restråstoffet av fisken som dei fangar.

- Vi jobbar mykje med fisk, men det å få sjå ein fiskebåt i praksis er svært nyttig for å gi oss ei betre forståing seier Rune Dragset, som er avdelingsdirektør i Nærings- og fiskeridepartementet.

Skipper Kjell Inge Haram viser gjestane korleis fisken blir bearbeida gjennom fabrikken. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).