Råstoffet kjem frå eit knippe fartøy i havfiskeflåten som har utstyr for å lage fiskeolje om bord i båtane av det som er igjen etter at fisken er filtert. På land blir oljen foredla vidare, før den blir blanda med olivenolje frå Hellas, og selgast som eksklusiv matolje.

- Vi er nok dei einaste i Norge som tilbyr eit slikt produkt som både er sunt, næringsrikt, berekraftig og sporbart. I tillegg gjer vi oss nytte av ein ressurs som tidlegare har gått rett på havet, seier Per Helge Devold, som er dagleg leiar i Enriched Food AS.

 

Gode tilbakemeldingar

Selskapet starta opp i fjor har ifølge Devold fått gode tilbakemeldingar frå både kokkar og matbloggarar som har tatt i bruk produktet.

- Litt av kunsten er nok å finne det rette blandingsforholdet. I våre produkt har vi ei blanding med rundt 65 prosent olivenolje og 35 prosent fiskeolje. Tanken er å få eit sunt produkt på kjøkkenbordet. La folk få i seg det sunne gjennom den daglege kosten i staden for å ta kosttilskot, seier Devold.

Matoljen blir levert i både ordinære bordflasker, men også som mobile porsjonspakkar. Foto: Enriched Food AS.

Sporing

I tillegg til at produktet er sunt, skal forbrukarane vite at heile framstillinga er berekraftig. Oljen tilfredsstiller difor krava til miljømerket MSC. Alle produkta har eit «batchnummer» som gjer at ein kan få fullstendig informasjon om kva for fiskebåt som har fanga fisken, kvar den er fanga og kven som har produsert oljen. Same informasjon finn ein også om olivenoljen.

- Vi ser at forbrukarar blir stadig meir bevisste på kva dei kjøper. Difor er det viktig å gi alle desse opplysingane, som også blir ein garanti for kvaliteten på produktet. For oss er det viktig å levere eit berekraftig produkt, der vi får brukt heile fisken, seier Devold.

 

Nettbutikk

Produksjon og sal er framleis i startgropa. Førebels blir produkta selt gjennom eigen nettbutikk, nokre spesialforretningar og restaurantar. Produksjonen foregår hos søsterselskapet Pharma Marine AS.