- Vi er med i Havforskingsinstituttet sin referanseflåte og hjelper dei med å kartlegge vekt, storleik og bestandar, fortel styrmann Stian Toft Zahl.

 

Styrmann Sitan Toft Zahl tar prøver frå fangsten annakvar dag, og sender til Havforskingsinstituttet. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Annakvar dag tar han prøver av fangsten. 20 eksemplar av kvart fiskeslag. Alle fiskane blir nøye målt både i forhold til vekt og lengde, før dei blir registrert i datasystemet. Ein gong i veka blir det også tatt otolittprøver, eller det som blir kalla «øyresteinar». Otolittane fungerer som balanseorgan, men inneheld i tillegg mykje informasjon om fisken. Utapå otolittane finn ein årringar som viser alderen på fisken. Ved å opne dei kan havforskarane hente ut enda meir informasjon om vekstvilkår, kva fisken har ete og kor ofte den har gyte.

 

Otolittane sit i nakken på torsken. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Her kan du lese meir om kva otolittane fortel om fisken sitt liv.

 

- Dette er nok den mest verdifulle informasjonen som vi gir til forskarane. Delar av året registrerer vi også kjønn, og registrerer modningsstadiumet til fisken, seier Zahl.

På denne måten får forskarane nyttig informasjon, som dei kan bruke i arbeidet med å berekne bestandane og lære meir om korleis fisken flyttar seg rundt i havet.