Vindkraft er hovudtema på Fiskebåt Vest sitt årsmøte førstkomande fredag (2. desember). Både forkjemparar og motstandarar av vindkraft til havs er difor inviterte til å legge fram sine synspunkt på Fiskebåt Vest sitt årsmøte.

 

- Vi ønskar å få ein opplysande debatt der vi også får løfta fram våre synspunkt i dette spørsmålet. Samtidig vil vi vere lydhøre overfor vindkraftbransjen og deira planar. Vi har difor invitert Åslaug Haga, som er dagleg leiar i bransjeorganisasjonen Norwea, for å høyre kva dei tenkjer om sameksistens på havet, seier Aasnæs.

 

Janne Grethe Strand Aasnæs, styreleiar i Fiskebåt Vest. Foto: CF Wesenberg.

 

Blant innleiarane er elles statssekretær Elisabeth Sæther fra Olje- og energidepartementet, Jan Emblemsvåg frå NTNU, Anne Christine Palm, forskar ved Havforskingsinstituttet, Ole Anders Nøst, Oceanbox, Finn Gunnar Nielsen, Bergen Offshore Wind Centre og Hanna Bauge, Fiskebåt.

 

- Som fiskarar er vi opptatt av å finne gode løysingar for å redusere utsleppa av klimagassar. Men det er også viktig at ein ikkje overkøyrer ei stor og viktig fiskerinæring som tross alt har vore der frå tidenes morgon, og som leverer sunn og ikkje minst klimavenleg mat. Difor er vi opptatt av å få meir kunnskap, og at ein legg ein føre-var-strategi til grunn, seier Aasnæs.

Dagsorden for årsmøtet i Fiskebåt Vest følger under.

 

DAGSORDEN

DAGSORDEN

 

Kl. 09.00         Åpning av messeområdet

Kl. 10.00         

Sak 1   Godkjenning av innkalling til årsmøtet

Sak 2   Åpning ved styreleder

Sak 3   Konstituering: a Navneopprop

b Forretningsorden

c Valg av møtedirigenter

d Redaksjonsnemnd

e To personer til å undertegne protokollen

f Valg- og lønnsnemnd 2023

Kl.10.45          

Sak 4   Havvind

En del av klimaløsningen?

Innledere;  Elisabeth Sæther, statssekretær Olje- og energidepartementet

Åslaug Marie Haga, dagleg leder NORWEA

Jan Emblemsvåg, professor NTNU

Kl. 11.45         Messebesøk / kaffepause

Kl. 12.15         Kunnskapsstatus for påvirkning på fiskeri og bestander

Innleder;         Anne Christine Palm, forsker Havforskingsinstituttet

Hvor store areal vil regjeringens havvindssatsing kreve?

Innledere;        Ole Anders Nøst, CSO Oceanbox

Finn Gunnar Nielsen, dir. Bergen Offshore Wind Centre

            

Fiskebåts engasjement inn mot havvindssatsingen – oppsummering/diskusjon

Innleder;         Hanna Bauge, rådgiver Fiskebåt

 

Kl. 13.45         Lunsj/messebesøk

 Kl. 14.30         Sak 5   Styrets årsrapport 2022

                        Sak 6   Regnskap 2022

                        Sak 7   Vedtektsendringer

                        Sak 8   Godtgjørelser og kontingenter for 2023

                        Sak 9   Valg

Kl. 15.00         Messebesøk/Kaffe       

Kl. 15.15         Sak 10 Organisasjonssak (kun for medlemmer)

Innleder;         Jonny Berfjord, styreleder i Fiskebåt

Kl. 16.45         Møteslutt