Målet med ordninga var å oppretthalde ein ringnotflåte og eit ringnotmiljø i Nord-Norge, og i tillegg flytte eksisterande ringnotkapasitet til Nord-Norge. Fleire nordnorske ringnotreiarar har uttrykt uro for at denne instruksen hindrar vekst for den nordnorske ringnotflåten og påverkar prisen på nordnorske fartøy med ringnotkonsesjon.

 

Virkar ikkje etter intensjonen

Dette er også ein uro som Fiskebåt deler. Fiskebåt meiner at ordninga ikkje virkar etter intensjonen og at ei oppheving av instruksen vil gjere marknaden større og vil føre til auka marknads- og panteverdi for ringnotfartøy registrert i Nord-Norge.

 

Fisket foregår i sør

I forhold til landingsmønster av fangstar er det heilt andre faktorar som avgjer kvar fangstane blir landa. Store delar av fisket foregår i sør, og det er difor naturleg at også største delen av landingane skjer der, skriv Fiskebåt i sitt høyringssvar.

 

Her kan du lese høyringssvaret frå Fiskebåt.