Raudåtefisket foregår med ein svært finmaska trål, og gjer det dermed vanskeleg å unngå å få med bifangst som egg, larvar og yngel frå fiskebestandar. På våren er desse på drift i vassmassane nordover langs kysten. I høyringsbrevet frå Fiskebåt blir vist til at det det er mangelfull kunnskap om konsekvensane av denne bifangsten.

 

Viktig del av næringskjeda

- Raudåte er ein ressurs som bør forvaltast på lik linje med andre ressursar, men med enda større sikkerheitsmargin, sidan produksjon i planktonbestandane og raudåte er sentrale aktørar i næringskjeda. Det er difor uheldig at det ikkje er tatt omsyn til våre merknader i høyringsrunden, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Fiskeridepartementet har varsla at dei vil lyse ut til saman 10 haustingsløyve i år.

Les meir her; Åpner for høsting av rødåte

 

Deltakarlova

Maråk reagerer også på at halvparten av rettane som er utlyst for fiske innafor 1000-meterskota, skal avsettast til aktører som ikkje er kvalifisert for ervervstillatelse etter deltakarlova.

- Det er ingen prinsipielle skilnader mellom dette og andre fiskeri. Krava i deltakarlova bør difor ligge fast. Ved manglande interesse frå aktørar som oppfyller deltakarlova kan spørsmålet stille seg anleis, men å opne for slik deltaking før utlysninga er gjennomført er etter vårt syn heilt feil og er med på  å undergrave deltakarlova, seier Maråk.

I høyringsbrevet frå 2017 opnar Fiskebåt for at det kan drivast kystnær hausting, men at dette kun skal gjelde i ein utviklingsfase, og at dette bør vere i periodar på året når det ikkje er vandring av yngel langs kysten.

- Vi må vere sikre på at raudåtefisket ikkje går ut over andre tradisjonelle fiskeri. For oss er det avgjerande at all hausting av havressursane må skje på ein berekraftig måte, seier Maråk.