Denne reportasjen er henta frå Fiskebåt sin årsrapport. Der kan du lese fleire interessante saker. Du finn den digitale versjonenen her.

 

Det er småsurt i Båtsfjord denne ettermiddagen i starten på juli. Skodda ligg lavt og temperaturen er på knappe åtte grader. Avtroppande mannskap på linebåten Atlantic er på veg heimover etter fire veker på fiske i Barentshavet. No er det klargjering for ny tur med nytt mannskap.

- Vi skal først fiske litt hyse her aust, før vi set kursen nordvest mot Bjørnøya for å fiske blåkveite resten av sommaren.

Det seier skipper Kjell-Gunnar Hoddevik. Han gler seg til å kome på sjøen igjen. Siste året har han stort sett brukt til å følge opp nybygg i Tyrkia, men no ser han fram til ein tur langt borte frå mas og stress. Og ikkje berre det. Han har tatt med seg familien som mannskap på denne turen i nord.

 

Agn og proviant 

På kaia står det pallar med agn for linefiske og proviant for mannskapet. Alt skal lastast om bord før båt og mannskap er klare for avreise. Alle hjelper til, og mannskapet er godt drilla og veit kvar alt skal plasserast om bord før avreise.

Stuert på denne turen er Torill Vedeld Hoddevik som også er kona til skipperen. No prøver å få oversikta og sørge for at alt er på plass.

- Det er ikkje dette eg driv med til vanleg, så eg prøver så godt eg kan å få oversikta, og finne ut om det er noko vi har gløymt. Etter at vi har kasta loss kan eg ikkje berre å stikke innom ein butikk viss det er noko vi manglar, seier den påtroppande stuerten.

Stuert Torill Vedeld Hoddevik i full sving. Foto: Kjell-Gunnar Hoddevik.

 

Ferietur

Ho har ikkje lang fartstid som stuert. Einaste erfaring er frå «familieturen» året før. Tidlegare har ho berre laga mat til familien og vener. No gjeld det å leite fram rutinane frå fjoråret.

Til dagleg jobbar ho som aktivitør, men no er det sommarferie, og den vil ho bruke i lag med familien – på linefiske i Barentshavet.

- Vi hadde det fint i fjor, og har difor lyst til å prøve dette igjen. Det er ein fin måte å få vere i lag på. Heile familien heile sommaren, seier ho.

Men denne gongen stemmer det ikkje heilt. Sonen Daniel (21 år) måtte bli igjen heime for å avlegge fagprøve som fiskar. Han er den einaste av dei tre borna som satsar på eit yrke innan fiskeri, og har siste året jobba som lærling om bord i linebåten.

Daniel Hoddevik er den einaste av barna som satsar på eit yrke på sjøen. (Foto: Trond Refsnes.

Eldstejenta Sara (24) har hatt sommarjobb om bord i Atlantic i 10 år. Første sommarjobben var etter at ho var konfirmert, og så hadde ho eit friår etter vidaregåande då ho var med på sjøen nokre turar. Ho kjenner difor godt til rutinane om bord. No er ho i ferd med å avslutte ein mastergrad på BI i Oslo, og set pris på litt praktisk arbeid og god inntekt om sommaren.

Lillesøster Marie (16) er yngst i søskenflokken på tre, og har gått eit år ved Spjelkavik vidaregåande skule i Ålesund. No er det skuleferie og tid for sommarjobb. Ho likar denne litt utradisjonelle «familieferien». 

- Eg jobbar for det meste i fabrikken og hjelper til i byssa når det trengs. Det er mykje å gjere heile tida, og arbeidsoppgåvene er varierte. Eg lærar noko nytt heile tida, så dette er absolutt ein spennande sommarjobb, seier ho.

Dette er hennar andre tur på sjøen. Første sommar var ho på opplæring og gjekk vakter i fabrikken. Denne sommaren har ho vidareført dette og har for det meste jobba i fabrikken med fylling og tøming av frysarar og gøring av blåkveitehovud.

 

Søstrene Sara og Marie Hoddeik synes det er kjekt å få jobbe i lag. Foto: Odd Kristian Dahle.

Den aktive handballspelaren har også fått installert tredemølle om bord. Fire veker utan kondisjonstrening er ikkje bra med tanke på haustsesongen, men no ligg forholda til rette også for trening langt til havs.

 

Tryggleiken er viktig

Mannskapet har faste oppgåver om bord og går i ein rullerande turnus. Også i forhold til tyggleiken har dei definerte oppgåver, slik at alle veit kva dei skal gjere viss det oppstår ein farleg situasjon. På kvart vaktskift er det til dømes folk med røykdykkarerfaring, og fleire av mannskapet er drilla i å bruke brannsløkkingsustyret om bord.

- Viss noko skjer når vi er langt ute på havet har vi berre oss sjølve å stole på. Det er difor viktig at vi har gode rutinar på tryggleiken. Alle må vite kva som er deira oppgåver, og vi må med jamne mellomrom sjekke at alt utstyr fungerer slik det skal.

Det seier styrmann Trond Refsnes. Kvar tur startar han med ein briefing med mannskapet. Alt mannskap samlast på brua for ein gjennomgang. Saman med mannskapet går styrmannen systematisk gjennom kva ein skal gjere viss det oppstår ein naudsituasjon. Han minner mannskapet om kva som er viktig å hugse på viss det verst tenkelege skulle skje. Deretter er det praktisk øving, der alle må prøve å ta på seg redningsdraktene. Anna redningsutstyr blir testa og kontrollert.

Mannskapet testar røykdykkarustyr. Foto: Odd Kristian Dahle.

Spennande men farleg arbeid

Vel utafor 12-mila blir første lina kasta. Skipper Kjell-Gunnar veit frå tidlegare turar kvar det er lurt å sette lina for å finne den beste fisken. Det tar om lag eit døgn frå lina blir sett til den er ferdig trekt og klar for ny utsetting. Til saman er lina på rundt 80 kilometer, så det er eit stort område som blir dekt. Settinga av lina går raskt unna, og det blir mata på med agn som automatisk blir hekta på linekrokane på veg ut. Så er fisket endeleg i gang. Ein etter ein kjem fiskane opp i båten. Hyse, torsk, brosme, uer, ein og annan steinbit og enkelte kveiter har bite på. Skipper Kjell-Gunnar følgjer nøye med frå brua.

- Her er mykje brosme og hysa kunne med fordel vore litt større, men berre vent til vi kjem litt lenger ut. Då blir det større fisk skal du sjå, seier ein entusiastisk skipper. 

Han viser på kartet korleis lina står i forhold til djupnekotene, og på ekkoloddet kan han lese av kor mykje fisk som står langs botnen. Den erfarne skipperen får rett. Eit par timar seinare og på litt djupare vatn er fisken større, og fisket er for alvor i gang. I fabrikken går produksjonen for fullt. Fisken skal sløyast, sorterast og leggast til frysing. Den ferdige frosne fisken pakkast inn og leggast på fryselageret i botnen på båten.

 

Hardt arbeid

Slik går produksjonen kontinuerleg – dag og natt. Mannskapet jobbar, et og søv, og innemellom blir det litt tid til prat i messa.

- Det er sosialt om bord og heile mannskapet blir som ein stor familie, når vi lever i lag så tett og så lenge. Og så er det veldig kjekt å få vere i lag med resten av familien heile sommaren, sidan eg bur i Oslo, seier Sara.

Ho kjenner alle dei andre om bord frå tidlegare turar. Turnusen er lagt opp slik at ein heile tida rullerer kva for skift ein går på.

- Det er ein fordel at det er slik, for då varierer det kven du jobbar i lag med. Skulle ein jobbe på same skift i fire til fem veker kunne ein kanskje bli litt lei, seier Sara.

Marie set også pris på å få vere i lag med storesøstra heile sommaren. Ho skal til med andre året på vidaregåande allmennfag , og har førebels ikkje bestemt seg for kva yrke ho vil satse på. Men sjøen blir det neppe.

- Nei, det blir nok ikkje det, sjølv om eg trivs veldig godt om bord her. Det er så mange forskjellige arbeidsoppgåver, og du får sjå og lære nye ting heile tida, så fiskeri er absolutt ein spennande yrkesveg, seier ho.

Og Marie hadde gjerne sett at fleire jenter satsa på fiskaryrket, sjølv om ho sjølv har andre planar.

- Absolutt! Det er ingen grunn til at dei ikkje skal gjere det. Fiskaryrket passar godt for både jenter og gutar, så det er ikkje noko i vegen for jenter å satse på ei yrkeskarriere på ein fiskebåt.

 

Variert kost

I byssa er stuert Torill i full gang med middagen. I dag er det ball som står på menyen. Kvar dag er det fire måltid, der minst tre av dei har varm mat. God mat er viktig for miljøet om bord.

- Fiskarane jobbar hardt og treng difor god og variert mat. Fisk har vi nok av, men det er viktig at dei også får i seg litt kjøt og grønsaker. Og så må dei få litt godsaker innemellom. Dei er lenge på sjøen og då er nok maten ein viktig trivselsfaktor, seier Torill. 

Ho har ikkje bestemt seg enno om familieferien også neste år skal gå til Barentshavet.

- Eg vil nok vurdere å reise igjen om eg får sjansen og får det til å klaffe både i forhold til jobb og på heimebane. Veret var ikkje så bra i år som i fjor sommar. Då hadde vi eit fantastisk ver med flatt hav stort sett heile tida. Denne gongen var det meir grått ver, men alt i alt var det ein flott og spennande sommar dette også. Så det er godt mogleg vi gjer dette igjen, seier ho.

Barentshavet kan vere vakkert om sommaren. Foto: Odd Kristian Dahle.