Følge årsmøtet til Fiskebåt Vest direkte her

 

Leinbø viste til at det er gitt konsesjonar til vindkraftprosjekta Hywind Tampen og Havsul I. I tillegg har regjeringa opna for konsesjonsøknader for prosjekta Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.

- Vi nådde ikkje fram med våre moderate forslag til endra plassering av Hywind Tampen, og i Havsul I ser vi at føre-var prinsippet er tilsidesett. Det er ikkje utgreia korleis prosjektet vil påverke gyteområda for norsk vårgytande sild. NVG-silda er ein nøkkelbestand i økosystemet og endringar i gyte- og vandingsmønster kan få store konsekvensar for mange andre arter. Også Havforskningsinstituttet har fraråda å bygge ut vindkraft i sårbare gyteområde, sa Leinebø til årsmøtet.

 

Treng meir kunnskap

Leinebø meiner det no er viktig å få fram meir kunnskap og at styresmaktene må ta omsyn til føre-var-prinsippet og at dei må sjå på havområda i ein heilskap.

- Vi rår over to millionar kvadratkilometer med hav. Ingen skal fortelle oss at det ikkje er mogleg å finne område som ikkje øydelegg for tradisjonelle næringar. Vi etterlyser framleis ein samla arealplan for havområda, sa Leinebø.

 

Les også; Etterlyser samla plan for havområda

 

I talen til årsmøtet var Leinebø inn om kornonasituasjonen og at 2020 har vore eit spesielt år på mange måtar.

 

Rotete fiskeripolitikk

Ei anna stor sak for fiskerinæringa som har prega 2020 er det politiske arbeidet i samband med stortingsmeldinga som hadde som mål å forenkle fiskeripolitikken.

- Meldinga sende sjokkbølger gjennom næringa då den kom. Den viktigaste årsaka til dette var forslaget om å opprett ein statleg kvotebeholdning, som skulle riggast slik at staten på sikt kunne overta store delar av kvotane våre. Dette stikk i strid med det som heile vegen har vore føresetnaden for struktureringa, nemleg at kvotane skal bli i gruppene, sa Leinebø.

Stortinget sende som kjent meldinga tilbake til regjeringa med instruks om å konsekvensutgreie ein del av forslaga.

- Generelt vil eg seie at det var ein rotete og uoversikteleg prosess. Vi synes ikkje at systemet/resultatet har blitt særleg mykje enklare, heller tvert om, sa Leinebø.

 

Her kan du følge årsmøtet til Fiskebåt Vest.