Tilbod om straum når ein ligg til kai blir meir og meir vanleg, men langt frå alle fartøy har utstyr for å kople seg på. Det vil Enova no få endra på, og gir difor stønad slik at eksisterande fartøy kan installere systemet.

Landstraumsystemet må vere designa for ein straumstyrke på minimum 125 ampere og ei spenning på 400 volt.

Bruk av landstraum gir mange fordelar som redusert støy om bord, mindre utslepp av klimagassar og reduserte kostnadar til vedlikehald og drivstoff. Ifølge Enova er det fort gjort å søke og bør ikkje ta meir enn fem minutt.

Her kan du lese meir om støtteordninga.